Nyheiter

Vår dag og feiring av 25 år!

Oppdatert: 2. jun.

- Ikkje berre ein leik, men også ein dans på roser.


Forbundet KYSTEN oppsummerte sitt samarbeid med Studieforbundet gjennom 25 år på denne måten. Etter ei lærerik vandring i motbakkar, unnarenn og flatt lende gjennom 25 år, stiller vi oss utan å nøle bak Forbundet KYSTENs konklusjon: - det har ikkje alltid vore ein leik, det har også vore ein dans på roser.



Der barnebursdagar gjerne inviterer klovnar, eller tryllekunstnarar, og feirar med burger og pølsefest, gjekk 25-åringen for ei rundreise på ulike læringsverkstadar med folkedans, sittedans, teatersport og knyting av tauverk. Av danskane fekk vi ein historisk glytt bakover i tid. Lene Rachel Andersen, dansk økonom, folkeopplysningsaktivist, futurist og filosof sparka i gang festen med å snakke om boka si «The Nordic Secret». Her tok ho på engasjerande og humoristisk vis for seg korleis dei nordiske landa dei siste hundreåra på fredeleg og velfungerande vis har gjennomgått teknologiske, økonomiske og strukturelle endringar. Ho tok og for seg kva som er viktig for å oppretthalde eit godt demokrati for framtida.


Konsentrert læringsarbeid. Små fendererar skal knytast. Foto: Linda Aaboen


Kake og ballongar, blir ein derimot aldri for gammal til. Ei heller eit rungande Hurra for deg! Toppa med rosande ord frå politisk landskap og helsingar frå medlemsorganisasjonar og paraplyar, svevar vi freidig vidare inn i dei neste 25 år.


Hyllest til jubilanten


Studieforbundet kultur og tradisjon er eitt av ti studieforbund som vart flytta til Kulturdepartementet, og vart av Høgres Tage Pettersen frå Kulturkomiteen ynskt varmt velkommen heim. Forutan Pettersen, hadde vi og besøk av Torleik Svelle frå Sentepartiet og Utdanningskomiteen. Det gjer godt for ein etter kvart vaksen, men enda ung og framstormande, frivillig organisasjon å få honnør og hyllest frå politiske rekkjer og gode ord om rolla vår som kunnskapsformidlarar, som samfunnsbyggjarar og som viktige bidragsytarar for vedlikehald av samfunn, som betydeleg part i demokratibygging, og umissande part i forming av det enkelte menneske og styrking av relasjonar og forståing på tvers.




Tage Pettersen og Torleik Svelle, Høgre og Senterpartiet, kunne ikkje få rost nok rolla Studieforbundet og medlemsorganisasjonane har i samfunnet som kunnskapsformidlarar, relasjons- og demokratibyggjarar. Foto: Torunn Elise Kveen.









Stian Slotterøy Johnsen frå Frivillighet Norge meinte vi har markert oss spesielt positivt som studieforbund og tok oss enda eit stykke vidare på god veg til himmels med påstanden om at vi var det mest morosame og mangfaldige studieforbundet, truleg enda rusa av teatersport og vellykka fenderknyting. Stian Juell frå Vofo, Marianne Ween frå Kulturalliansen og Torill Skjetne frå Kulturvernforbundet pynta vidare gebursdagskaka med superlativ: «Studieforbundet kultur og tradisjon har spisskompetanse (tenk det, så mangfaldige vi var sagt å vere!), vi er ein ekstra viktig fender, ein plass du alltid veit du har vore, fordi du har lært noko du tek med deg heim. Studieforbundet inspirerer, har spennande møte, mykje kunnskap, er ein viktig læringsarena som byggjer menneske, fellesskap og demokrati. Studieforbundet betyr så mykje for så mange, kvar dag, kvart einaste år.» Ja, nokon nemnde endatil dagleg leiar Kjærsti Gangsø som personleg forbilde, plassert på æresplass og nemnt for mikrofon og på fjernsyn, i same andedrag som Nelson Mandela. Kanskje treng vi nå eit par dagar med striskjorte og havrelefse for å få ned att teltet, og få banka på plass att teltpluggane for vinden. Uansett, det er stas å feire gebursdag, og det er stas å få rosande ord og hyllest. Med det krummar vi ryggen, strammar bukgjord og baksele og gjer oss klar for det som måtte kome av bakkar i den eine eller andre hellinga. Vi har trua!


«KvinnerUT» ­– eller inn, snarare?

Om Studieforbundet er sagt å vera inspirerande og kunnskapsrikt, bør alle leite opp ein arena der Sosan Asgari Mollestad frå Norges Bygdekvinnelag er å finne med mikrofonstativ og taletid! Makan til dame! I 1985 kom ho som politisk flyktning frå Iran, og har ein eineståande kjennskap til, kunnskap om og personleg erfaring med korleis det er å koma ny til eit land, korleis systema er sett saman, korleis det blir gjeve moglegheiter og sett avgrensingar. Med ei forteljarkunst av dei sjeldne, fjetrar ho publikum, imponerer og engasjerer. Med humor, innleving, utstrekt kunnskap om og innsikt i, gjev ho oss innblikk i kvifor inkluderingsarbeid er så viktig, kvar einaste dag og heile året og alltid – ikkje berre der vi opplever toppar av flyktningkriser eller finn ei einsleg sjel ved eit hushjørne. Like rettigheiter gjev ikkje automatisk like moglegheiter, ytra Mollestad, særskilt oppteke av kvinnene sine moglegheiter i eit nytt land med endra roller, krav og forventningar, gjennom bygdekvinnelaget sitt prosjekt Kvinner ut. Inkluderingsarbeid er like viktig som å arbeide med demokratibygging i kvardagen. Det kontinuerlege arbeidet er viktig for å ha moglegheit til å oppnå likeverdig deltaking, lojalitet og tilhøyrsle i eit fellesskap der du deltek og bidreg på lik line med andre. Menneska har alltid flytta på seg, av ymse grunnar. Nå er rundt 280 millionar menneske i røyrsle, 100 millionar av desse er på flukt. Berre ei tredel av desse er så heldige at dei kjem seg vekk frå det dei flyktar frå, sa Mollestad. La oss da syrgje for at vi gjer det vi kan for at denne spinkle tredelen får ein så god, ny start som råd, mellom anna gjennom systematisk og målretta lærings- og inkluderingsarbeid gjennom studieforbundet vårt.


Sosan Asgari Mollestad, norsk-iraner, kunnskapsrik og med ei forteljarstemme av dei sjeldne – eit fyrverkeri av ei dame! Foto: Torunn Elise Kveen.


Årsmøte og Vår dag

Frivillighetens år 2022 blir feira av frivillige, medlemmar, organisasjonar, kommunar, næringsliv og alle andre, både nasjonalt og lokalt. Mange organisasjonar markerer Frivillighetens år med ein eigen Vår dag, der organisasjonen lagar eit eige arrangement eller gjer litt ekstra ut av eit årleg arrangement. Kva er vel da betre enn å feire gebursdag og heile 25 år, og ramme inn årsmøtet med feiring, læringsverkstadar i teater, dans og handverk, og inspirerande foredrag og eminente gjestar frå det politiske landskapet, frå paraplyorganisasjonane våre, medlemsorganisasjonar og andre studieforbund? Kakefesten ramma vi inn med årsmøtesakar, rekneskap, budsjett og strategi- og verksemdsplan. Det er greitt å lande litt att mellom kvar dans.


Vi takkar så mykje Kai Roger Vatne frå Noregs Ungdomslag, Anne-Lise Olsen frå Norsk Amatørteaterforbund, Linda Thiis får Norges Husflidslag og Per Harr frå Seniordans Norge og for stor innsats og gode bidrag inn i styret, og ynskjer velkommen inn som nye representantar Magni Hjertenes Flyum, generalsekretær i Noregs Ungdomslag, Hege Vinje, assisterande generalsekretær i Human Etisk Forbund, Rønnaug Ust frå Seniordans Norge og Reidun Lien Horgen frå Norges Husflidslag.

Vi gler oss på dei komande 25 år!


Sittedans er ikkje å kimse av. Jakkene måtte av og drikka fram. Og så godt det kjendest i lemmar og musklar å få løyst opp og vridd litt på seg. Foto: Linda Aaboen.



18 visninger

Siste innlegg

Se alle