top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Reduksjon i sats på timetilskot

  • torunn92
  • 28. apr.
  • 1 min lesing

Vi er så heldige å ha stor vekst i kurs og søknadar, og det er gledeleg. Samtidig fører det med seg ein stor meirkostnad. Før jul auka vi timesatsen frå 100 kr til 110 kr, utfrå eit forventa statstilskot i tråd med løns- og prisvekst. Det fekk vi ikkje, og kursveksten er for stor til å handtere innanfor gjeldande budsjett. Saka er nå styrebehandla, og timetilskotet er redusert attende til 100 kr timen for best mogleg fordeling av det vi har. Reduksjonen vil gjelde alle kurs som ikkje er rapportert og utbetalt. Melding kjem i kursportalen.


Det har vore ei lita pause i behandling av søknadar og rapportar desse dagane i påvente vedtaket. Frå i morgon 29. april, vil vi ta etter søknadar og rapportar som har stått på vent.



Mange takk for at de har vore tolmodige og vist forståing for situasjonen.







 
 
 

Comments


bottom of page