Velkommen til medlemsmøte om Åpent for alle hos Studieforbundet kultur og tradisjon!
Vi er nå i mål med dei fyrste tre åra av prosjektet Åpent for alle.
For dei av dykk som ikkje kjenner så godt til det, handlar det om at lokallaga gjer kursa sine meir tilgjengelege for flyktningar og innvandrarar med tanke på inkludering og språktrening.
Vi har søkt og fått eksterne midlar frå Sparebankstiftelsen DNB til ei forlenging av prosjektet, og vi går nå inn i ei ny 3 års-periode.
Vi ønskjer i større grad å kople medlemsorganisasjonane våre på prosjektet, og vil difor invitere til eit digitalt medlemsmøte 12.mars kl. 9.00-10.00.

Språkkafe med Sunndal Målag. Foto: Torunn Elise Kveen
Sakliste til møtet:
Velkommen og kort presentasjon
Attendeblikk på 3 års-perioden som har vore, div tallmateriale
Presentasjon av komande 3 års-prosjekt
Opprette styringsgruppe
Påmelding til kristin@kulturogtradisjon.no innan 9.mars.
Velkommen!
Mbh Kristin Teigen Stasviken
Studieforbundet kultur og tradisjon
Comments