Nyheiter

Månadens frivillig - Seniordans Norge

Over 10 000 seniordansarar har vi, og dansen går som ein farsott gjennom landet. Kva gjer denne dansen så populær? Kan det vera at den er viktig?


Seniordansen trefte sitt publikum da forbundet vart starta i 1994. Frå den fyrste vesle dansegruppe som vart starta på Ski i 1994, har den utvikla seg eksplosivt. I dag er ca 10.000 medlemmar fordelt på ca 500 dansegrupper spreidd utover heile landet: frå det ytste øysamfunn til dei inste dalar.



Berre forsiktige steg fram og attende?

Seniordans er så mykje meir enn nokon som tek forsiktige steg fram og attende på dansegolvet, ingen tvil om det. Seniordans gjev utfordringar på alle område. Sjølve dansen med alle variasjonane den har med seg, krev eit viktig og riktig læringsarbeid, og deltakarane får verkeleg trena på og utfordra både konsentrasjon og husk.

Seniordansen bygger også viktige sosiale nettverk! Dit kan du kome utan partnar, du får berre ei farge, raud eller blå. Seniordansen krev ingen forkunnskap, ikkje noko prestasjonsnivå. Godt førebudde og kursa danselærarar sørger for god og lettfatteleg instruksjon tilpassa den enkelte gruppa. Trivnad og glede er langt viktigare enn prestasjon, og smil og latter er aldri langt unna.

Seniordans Norge (SN) gjer ein stor og samfunnsnyttig jobb. Organisasjonen har eit profesjonelt utdanningssystem for danseleiarar som gjer det mogleg å gje likt tilbod over heile landet. I seniordans har folk i alle aldrar funne ein aktivitet og ei form å vere saman på som også internasjonalt har fått høg stjerne som eit lågterskeltilbod. Inaktive har komme opp av sofaen, dei som kjenner på einsemd og depresjon har fått eit kjærkome tilbod.



Utfordringar under pandemien

Seniordansen hadde det kanskje ekstra utfordrande under pandemien. Ikkje berre var aktiviteten lite foreinleg med smittevernråda, men stor del deltakarar var og i risikogruppa. Kursmengda fekk seg ein knekk, ingen tvil om det. Talet på kurs vart halvert frå 2019 til 2021 av registrerte kurs gjennom Studieforbundet, og det kan sjå ut som det vil ta litt tid å få det opp på tidlegare nivå att. Dansarane har likevel krafsa seg fast etter neglene på glatte bergveggen, og brukt kreativiteten så godt det har vore mogleg. Mellom anna fann dei alternative måtar å danse på, til dømes med bruk av stavar dei held i som knytte dei saman med dansepartnar.



Dansen kom til Norge via Sverige og Danmark, og den kjem opprinneleg frå Tyskland. Nå blir det dansa i mange europeiske land og i heile Norden. For kva er bonusen ved å danse? Klarare hovud, kanskje, friskare skrott, kanskje, kvikkare psyke, vil vi tru, sterkare stettar, går vi ut frå, og gladare eldre, det er vi sikre på.


Vil du lære meir om seniordans? Ta ein titt på nettsida deira, eller på facebooksida deira. Der er mykje artig å sjå og lese.


41 visninger

Siste innlegg

Se alle