top of page

Nyheiter

Månadens frivillig – Nils Ulvund

«Integrering frå fjord til fjell»: Språk og mat, språk og kultur, språk og friluftsliv. Sunndal Mållag driv integreringsarbeid på brei front, og er ikkje som andre mållag. Primus motor og eldsjel bak dette er leiar Nils Ulvund. Og trur du ikkje han vart invitert til Skaugum!


Studieforbundet kultur og tradisjon nominerte Nils Ulvund til Frivillighetsprisen 2022, og han var ein av dei 60 utvalde frivillige som vart invitert til middag på Skaugum. Ny dress måtte handlast, og Nils tykte vel eigentleg det vart vel mykje merksemd på han, beskjeden og lite brautande som han er. Nils er oppteke av det viktige arbeidet som blir gjort og trengs gjerast, og er tydeleg på at han ikkje vil ha meir ære for det enn høgst naudsynt.


Målmannen frå Ålvundfjord er oppteken av at flyktningane som kjem til kommunen skal få eit godt møte med norsk kultur, språk og levesett. Han har i fleire år vore pådrivar for ein språkkafé der både små og store møtest på biblioteket på Sunndalsøra for å snakke saman. Ulvund har sjølv sagt det er ein føresetnad for eit vellykka integreringsarbeid at dei som kjem flyttande blir kjende ikkje berre med språket, men også med den lokale kulturen.


–Kven andre skal drive språkopplæring på frivillig basis, om ikkje mållaget, spør Ulvund. –Det er viktig at også flyktningane får vere ein del av det norske velferdssamfunnet. Eg føler det både som ei plikt og ein rett å bidra til dette, seier Ulvund.


"Det gode møtet" Frå språkkafe på biblioteket i Sunndal. Foto: SKT


Ut av språkkafeane har det sprunge ut prosjekt som kulturvandringar, friluftsleirar og gardsbesøk for flyktningar. Av innhaldet kan nemnast bibliotekkveldar, teater der mållaget subsidierer billetten, vinteraktivitetar, møte med tradisjonar knytt til landbruk og mat og turar ute i naturen. Mykje av dette er lagt opp slik at heile familien kan delta.

Familiane får møte dyr og stifte nærare kjennskap med naturen i bygda, lokalmat, natursti og ordleik. Dei blir betre kjent med fjorden, folket og historia, og får vera med å hauste bær og frukt.


I 2015 kom det mange einslege mindreårige asylsøkarar til Sunndal. Mange av dei som kom den gongen har flytta på seg, men fleire bur framleis på Sunndalsøra. Fleire av dei har Nils veldig god kontakt med, er blitt svært gode vener med og reknar som familie.


Vi blir som familie. Foto: Nils Ulvund


Gjennom leiar Nils Ulvund sitt utrettelege inkluderingsarbeid blant flyktningane i kommunen, har laget vorte lagt merke til også utanfor Sunndal sine grenser. Ei som har mykje godt å seie om det som skjer i Sunndal, er dagleg leiar hjå oss i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø.


– Sunndal Mållag driv eit heilt spesielt arbeid, og det som gjer det ekstra imponerande er at det skjer over tid. Nils Ulvund går systematisk til verks, og har evnen til å få ut midlar til lokale tiltak. Kunnskapsdimensjonen i inkluderingsarbeidet til Sunndal Mållag er svært viktig, og noko som vi er opptekne av å støtte, seier Gangsø.




«Integrering frå fjord til fjell»

Eksempel på aktivitetar og opplæring som mållaget og Nils har sitte i førarsetet på:

- Fiske på Ålvundfjorden i samarbeid med småbåtlaget.

-Aktivitetar og friluftsliv i Torbudalen og Grøvudalen i samarbeid med Sunndal jeger- og fiskerforeing og Røde Kors.

-Familiedag og grilldag der barn og ungdom fekk opplæring i elvefiske og prøve seg med pil og boge.

-Kulturvandringar med besøk på ulike stader rundt om i kommunen. Dei har besøkt til dømes Mosbøen gard i Øksendal, Leikvin, Flatvad og Drivapromenaden.

- «Mat og språk for vaksne»

- Språkkafé

-Datakurs

-Førarkorthjelp

-Kulturarrangement som teater og kino

Mållaget har laga ei informativ brosjyre om opplegga, der ein kan lese om dei mange aktivitetane dei har jobba med.


Elin Ranheim i Innvandrartenesta i Sunndal har sjølv vore med som arrangør. Ho rosar mållaget og peikar på kor viktig det er for innvandrarane å få tilbod om å vere med på aktivitetar der dei får betre kontakt med folk som bur rundt om i kommunen:


– Mange har behov for å oppleve ting for slik å bli betre inkludert. Det er eit svært viktig arbeid som blir gjort gjennom «Integrering frå fjord til fjell». Samarbeidet som det blir lagt opp til er gull verdt. Vi i innvandrartenesta er utruleg takksame for det lokale engasjementet som mållaget viser, med Nils i spissen.



Nils Ulvund har fått laga pin.

46 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page