Nyheiter

Månadens frivillig - Øystre Slidre Husflidslag

Gratulerer Øystre Slidre Husflidslag med ærestittelen Månadens frivillig for april 2022 i Studieforbundet kultur og tradisjon!


Øystre Slidre Husflidslag vart starta 28. oktober i 1987 og består i dag av ca 50 medlemmar.

Vi har plukka ut Øystre Slidre Husflidslag som månadens frivillig av fleire grunnar. Mellom anna viser laget stor auke i kursaktivitet med vid breidde i kursområda. Laget driv med alt frå brodering av bringeklut til strikkekveldar i gapahuken for ungdom. Dei trykkjer på skinn, jobbar med teknikkar med tæger som materiale, plantefarging av garn, syr toalettmapper med symaskin og held påskeaktivitetar for barn.



Laget er aktive på sosiale medium, mellom anna på facebook, er slik godt synlege og viser tydeleg at dei er OPNE FOR ALLE. Postar på sosiale plattformar bognar av inviterande bilde og tekstene «Velkommen skal de vera». «Alle er velkomne», «Kom, kom!», «Velkommen ny og gammal» … I tillegg er fleire av arrangementa enten gratis eller har låg kostnad for deltakande.

SLIKT LIKAR VI!



Laget er framoverlente, kreative i aktivitetsvalg og kurs og korleis kurs blir organisert, har mange unge tillitsvalde og stort oppmøte på regionale samlingar.

I korte trekk: lågterskel, kreative, allsidige, opne og inviterande. Hald fram slik!

GRATULERER! Premien er heider og ære på sosiale plattformar.

Alle bilda er knabba frå laget si facebookside.

11 visninger

Siste innlegg

Se alle