Nyheiter

Månadens frivillig

Leikarringen i BUL Oslo

I mars har vi lyst til å løfte fram Leikarringen i BUL Oslo. Leikarringen har eit svært allsidig og breitt tilbod som gjer at dei er synlege positivt på mange arenaer i Oslo og er flinke til å løfte fram det positive og skape møtestadar på mange ulike måtar. I leikarringen finn vi ungdom og vaksne om kvarandre, som grip oppgåvene, er framsynte og nyskapande, og som ikkje minst skapar appell i byen, noko som kunne vore ei utfordrande oppgåve.


Vi spør leiar Audun Grüner-Hegge kva som gjer at dei lukkast så bra og får til så inkluderande, breitt, varig og allsidige tilbod. Han meiner det er ei rekkje faktorar som spelar inn:

– Vi er heldige som har eit stort hav i fiske i frå. Oslo er ein smeltedigel, med mange innflyttarar som er nysgjerrige på kva tilbod som finst i Oslo, og som er på leiting etter nye miljø og inntrykk. Det gjer sjølvsagt sitt for at vi regelmessig får nye andlet på besøk. – Det er eit relativt stort miljø med både amatørar og profesjonelle utøvarar i Oslo, som vi prøver å pleie slik vi kan. Vi er t.d. medvitne om kva rolle vi spelar som oppdragsgivar for dei unge folkemusikarane frå NMH (Musikkhøgskulen), men óg frilansarar i byen

– Vi er opptekne av å arrangere hendingar vi sjølve ønskjer å delta på. Det er viktig med spennande øvingar/kurs, der instruktøren og musikaren er handplukka for tema vi vil arbeide med. – For nye «garanterer» vi den BRATTASTE læringskurva i landet, og syter for dette med svært varierte øvingar og mangfold i tema, instruktørar og musikarar. Å kome til Leikarringen i BUL i Oslo er eit kræsjkurs i folkedans og -musikk, som gjer at dei som likar aktiviteten raskt kan «bere eigen vekt» på dansegolvet.

– Vi har breidde i medlemmane våre, og inviterer jamleg til tverrgenerasjonell fest (så lenge det ikkje er smitterestriksjonar). Summen av dette, og meir, gjer at vi har mykje på kalenderen. Det er moro!



Bli med!

Leikarringen dansar det meste av norsk folkedans, der dei omlag 100 medlemmane er i alle aldrar, og har ei like variert danseerfaring som det er medlemmar i laget. Øvingane foregår i Teatersalen i Rosenkrantzgate 8, der nybyrjarar er hjarteleg velkomne, gjerne aleine, dei har ikkje faste par. Leikarringen har også eigne øvingar for barnegrupper, hallinggruppe og songdansgruppa.

Sjå nettsida deira for når de kan dukke opp: https://www.bul.no/leikarringen/om-oss/




Leikarringen feira stort 100-årsjubileum i 2019

BULder&Brak sparka i gang jubileumsfeiringa for Noregs Ungdomslag i 2019, tett etterfylgd av eit stappfullt dansegolv: https://www.facebook.com/Leikarringen/videos/441011647361449



I 2020 fekk dei GNIST-prisen: https://www.facebook.com/Leikarringen/videos/337838977542090



Leikarringen er klare for 100 nye år!: https://www.facebook.com/Leikarringen/videos/650064395817223




Startbilde: Sindre Seppola Reed. Øvrige bilde: Thor Hauknes. Alt av bilde og videomateriell er rappa frå Leikarringen si facebookside.

8 visninger

Siste innlegg

Se alle