Ledige plassar på Bunadopplæringa Mønsteravtak og gradering
- torunn92
- 12. juni
- 1 min lesing
Oppdatert: 13. juni
Når: 4. – 8. august, Rauland
Kurslærerar: Joar Vaagø og Anny Strand
Kursavgift kr 4 900,-
Bunaden til bestemor, stakken du sjølv brukte som barn, skjorta som oldemor fekk da ho skulle gifte seg – ikkje noko stasplagg kan måle seg med bunaden som har sjel, som har historie, som "luktar" som bestemor, som trass ein liten flekk nedst på skjørtet og merke av tidens tann, er det gjævaste du har på. Eller kanskje er denne bunaden "brukt på begge sider" og ikkje til å redde, men du har lyst til å lage ein ny som liknar?
Bunadar kan lagast nye etter mønster frå gamle, eller gamle kan tilpassast og brukast opp att. Eit handverk er det å skreddarsy nye og brukte plagg til å passe.
Modulen "Mønsteravtak og gradering" består mellom anna i å få ein presentasjon av ulike metodar for å ta av mønster på gamle og nye plagg, forskjellige metoder for gradering av kvinneliv, mannsvest, trøye og bukse, sjå på gammalt og moderne snitt, analyse av plagg og særtrekk i stilperioden i høve til folkedrakt .
Er du interessert, kontakt Linda på linda@kulturogtradisjon.no

Σχόλια