Lurar du på hva som skjer når bunaden havner på UNESCO-lista? Dette og meir til kan du få vite meir om på Arendalsuka.
15. august klokka 14.30 i Frivillighetsteltet, blir det debatt om bunad og innskrivinga på UNESCO-lista, som forhåpentlegvis skjer i desember i år. Debattleiar er Unni Irmelin Kvam, som leiar Bunadspodden, og har skrive bøkene i serien Min bunad.
Om arrangementet
Kva nå? Kva skjer om bunaden kjem på UNESCO-lista?
Blir bunadbruken mindre allmenn?
Blir det strengare "reglar" for ivaretaking?
Blir det lettare å ta individuelle val?
Kva betyr bunad i møte med eit meir mangfaldig samfunn?
Kva betyr bunaden for identitet i dag, og korleis blir det framover?
Vi vil snakke om bunadbruk og bunadtilverking i inn- og utland og kva ei innskriving på Unescos representative liste for menneskehetens immaterielle kulturarv kan føre med seg og føre til. Kan vi sjå for oss at ei innskriving
Medverkande
Unni Irmelin Kvam, debattleiar, Bunadpodden
Åslaug Sem-Jacobsen, politikar, Senterpartiet
Venstre TMA, politikar, Venstre
Mette Vårdal, Kulturarbeidar, Kultivator
Barbro Tronhuus Storlien, Bunadtilverkar, Norges Husflidslag
Kornelia Minsaas, Samfunnsdebattant
Eivind Falk, direktør, Norsk Håndverksinstitutt
Arrangørar er Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk Institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Meir informasjon om arrangementet finner dere her: https://program.arendalsuka.no/event/user-view/23019…
תגובות