top of page

Nyheiter

HURRA! Nå er bunadbruken vår nominert!

Ein dag og feire, og nok ein etappe unnagjort. Kulturdirektoratet er tilfredse med søknaden vår og nå er bunadbruken vår gjennom meir enn 150 år nominert til UNESCO si liste over levande tradisjonar frå heile verda. Norsk bunadbruk kan bli verdas kulturarv!


Nominasjonen er vurdert av Kulturdirektoratet og ein fagkomité, og vedteke av Kultur- og likestillingsdepartementet. UNESCO skal etter planen behandle forslaget på et komitémøte mot slutten av 2024.

Livsglade og staselege konfirmantar med ulike bunadar frå Gudbrandsdalen. Foto: Åsne Sørlie-Nordnes.

"Bunaden er ein del av den kulturelle identiteten og kulturarven vår. I tillegg til dei meir tradisjonelle bunadane, har vi dei siste åra sett fleire uttrykke tilhøyrsle og kreativitet gjennom nye variantar av plagget. Ei innskriving på UNESCOs liste er av stor betydning for vidareføring av kunnskapen om bruk og tilverking av bunaden. Vi kryssar fingrane for at bunadbruken blir anerkjent som felles kulturarv også internasjonalt", seier avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet Torbjørn Urfjell.


Vi i prosjektgruppa er i opptekne av at dette er folket sin søknad, heile det norske folket. Gjennom ei rekke lokale og regionale dialogmøter har vi involvert bunadbrukarar og bunadstilverkarar frå Alta i nord til Kristiansand i sør. Prosjektgruppa har og utarbeiddd fleire formidlingsopplegg om bunad og kulturarv retta mot barn og unge til bruk både i og utanfor skulen.




Det er Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon som står bak forslaget. Nominasjonen er vurdert av Kulturdirektoratet og ein fagkomité, og vedteke av Kultur- og likestillingsdepartementet. UNESCO skal etter planen behandle forslaget på et komitémøte mot slutten av 2024.




Grorud foto

Foto: Miriam Malik Tøftum

119 visninger

Siste innlegg

Se alle

Commentaires


bottom of page