Nyheiter

"Har du det ikkje i hovudet, så har du det i hendene." Høyrt slik tull!

Oppdatert: 13. jan.

Barn skal ikkje bygge ei fuglekasse fordi dei skal lære Pytagoras. Barn skal lære Pytagoras fordi dei skal bygge ei fuglekasse.


Ta på. Føle på. Kjenne på. Lukte på. Imitere ei form, eit mønster, eller ei farge. Dette er det vi kallar handlingsboren kunnskap.



Jon Bojer Godal   (Foto: Helle Hundevadt, Hjerleid)
Jon Bojer Godal (Foto: Helle Hundevadt, Hjerleid)
Som ung tømmerkøyrar stod eg ein gong og observerte ein eldre mann som lasta tømmerstokkar på sleden for å køyre dei til sagbruket. Den eldre hadde ein eigen måte å bevege seg på. Han dansa nesten med tømmeret, letta litt på det, rulla det, og plutseleg var alt på plass, klart til å fraktast med sleden. Ein dag hadde tømmerkøyraren med seg sonen sin på fem år. Han gjekk bak og gjorde akkurat likeins som faren, letta på, dansa og herma etter far sin. Da gjekk det opp for meg at dette var kunnskapsoverføring - det å gå framom og vise, og det å gå bakom og herme. Vi skjønar det ikkje alltid sjølve, men kunnskap finst i rørslene i kroppen. Den einsidige verbale måten å ta til seg kunnskap på er for flat, for kunnskapen bur også i handlingsmønstera. Tanke og kropp, hovud og hender heng saman. Vi lærer når vi gjer. (Jon Bojer Godal, formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap, forskar og forfattar.)

Tanke og kropp, hovud og hender

Kunnskap er å finne i korleis kroppen beveger seg, i mønsteret. Vi lærer av å gjera. Tanke og kropp, hovud og hender, alt heng uløyseleg saman. Dette er ikkje alltid lett å forstå. Vi er for fastkøyrde i berre verbal overføringa av kunnskap. Slik kunnskapsoverføring vil alltid bli eindimensjonal og bli verande flat.

Handlingsboren kunnskap er sentralt i arbeidet vi gjer i Studieforbundet kultur og tradisjon, og i alle medlemsorganisasjonane våre. Handlingsboren kunnskap er omgrepet vi brukar for å skildre korleis kunnskapen er forankra i handling og praksis. Det skildrar og korleis handverk blir vidareført, og er eit internasjonalt språk vi kan utøve saman, eit språk som bygger bruer mellom ulike kulturar.

Mennesket er eit reiskapsbrukande vesen. Vi brukar uttrykket «å gripe ein ide». Dette uttrykket kjem ikkje frå tanken, snarare frå grepet - frå handa som grip reiskapen. Hjerneforsking viser at det taktile systemet vårt, og rørslene, er grunnlaget for å utvikle også tankekrafta. Brukar vi hendene for lite, tenkjer vi mindre klårt. Teori og praksis er ikkje motsettingar, snarare føresetnad for utvikling. På dette området er det norske samfunnet i ferd med å vakne - heldigvis.

Ei verdidreiing i det politiske Norge dei siste ti åra, har resultert i landsomfattande styrking av kunnskap og kompetanse og høgare verdsetting av praktisk kunnskap og behovet for dette i samfunnet. Desse verdiane blir nå i større grad innarbeidd i fagplanar meir konkret og klårare enn tidlegare.



Ung Husflid

Norges Husflidslag - medlemmar i Studieforbundet kultur og tradisjon, driv eit program for barn og ungdom opp til 26 år. Ung Husflid tilbyr å arbeide med praktisk handverk, lære frå erfarne handverkarar og frå kvarandre, slik er dette programmet ein modell for handlingsboren kunnskap i si reinaste form. Ved å delta på Ung Husflid, lærer barn og ungdom grunnleggjande handverksteknikkar, slik som strikking, veving, brodering og ulikt arbeid med tre. I ei trygg atmosfære og med kunnskapsrike og erfarne rettleiarar, har deltakarane moglegheit til å leike seg og eksperimentere med spennande fargar og material. Ung Husflid vart etablert I 2007, og det er nå fleire enn 120 Ung Husflid-grupper i Norge, kvar av dei organisert av lokallag i Norges Husflidslag. I tillegg til å lære barn og ungdommar handverksteknikkar, er og å reparere og vedlikehalde dei handlaga produkta ein del av kvardagskompetansen dei får med seg.


Hjerleid skule og handverkssenter

Studieforbundet kultur og tradisjon, som Norges Husflidslag er medlemmar av, eig ein friskule på Dovre i Gudbrandsdalen. Hjerleid skule og handverksskule er lokalisert mellom fire nasjonalparkar Rondane, Jotunheimen, Dovrefjell og Reinheimen. Skulen er ein smeltedigel av tradisjonell kunnskap og læring, så vel som ein smeltedigel av elevar. Skulen husar elevar frå heile Norge, og frå utlandet, mange av dei bur på skulen. Dei sentrale opplæringstilboda ved skulen er treskjering, smedfag, tradisjonelle overflateteknikkar (maling), handverkstrening i mellom anna tradisjonelle byggjeteknikkar, lafting, dreiing og andre handverk. Treskjering og smedfaget er tradisjonelle ferdigheiter som kjem Unge elevar på Hjerleid

inn under UNESCO-konvensjonen for (Foto: Torunn Kveen)

immateriell kulturarv, og Hjerleid er den einaste skulen som tilbyr treskjering i Norge. Skulen har teke eit særskilt ansvar for nasjonal immateriell kulturarv, og har difor godkjenning for å ta inn elevar i alle aldrar.

Omtrent 40 elevar kvart år får moglegheita til å tileigne seg ei forståing for material, frå treet som framleis står på rot, via felling, tørking, val av material, stil og reiskap, ulike treskjerings- og samanføyingsteknikkar, maling, finpuss, og endeleg sette opp ei utstilling på slutten av året. Med heile prosessen frå val av material til endeleg produkt, jobbar dei 30-35 timar i verkstaden kvar veke, på eitt prosjekt om gongen, vanlegvis med bruk av gamle teknikkar og lite maskiner.

Skulen tilbyr og helgekurs, rådgjeving, eit besøkssenter med skulemuseum, forsking og workshops.


Meistring og ringverknadar


I femteklasse kunne eg plassere alle statane i USA på kartet til den store USA-testen, det greier eg ikkje lenger. Faktisk så kunne eg det ikkje veka etter testen.

Vi kan klemme store mengder informasjon inn i hjernen om vi må, men om vi endar opp med å ikkje bruke denne informasjonen, eller den ikkje er nyttig for oss, kan den fort forsvinne. Etter ei prøve på fredag, kan læraren gjerne registrere at Knut kan plassere alle statane i USA på kartet. Men om Knut berre kan plassere halvparten av dei på måndag, kva har ein da oppnådd? Om det vi målar er brotstykkje av utanåtkunnskap, som vi kanskje ikkje veit noko meir omkring, er det knapt læringseffekt å erkjenne. Kva er da poenget med å “lære” på denne måten?


Handverk representerer eit internasjonalt språk vi kan utøve saman, trass språkbarrierar, kultur, alder og kunnskaps- og kompetansenivå. Unge menneske kan lære, og øve på, eit handverk, og samtidig utvikle anna fysisk og mental kompetanse og kunnskap enn det som er brukt i teoretiske fag. Ved å jobbe med handverk, kan barn og ungdommar oppleve meistring, byggje sjølvtillit og sjølvsikkerheit ved å delta i stressfrie aktivitetar og vere til stades i nået. Som ein bonus, legg slike aktivitetar godt til rette for inkludering av alle og tilrettelegging for ulike nivå.


Å meistre eit handverk er god psykisk trening. Det smørar det mentale og fysiske maskineriet, og gjev positive ringverknadar. Vi treng alle anerkjenning og eit klapp på skuldra av og til. Å oppnå meistring på ein arena, gjev og positiv effekt på andre, meir teoretiske felt. Handverk gjev deg moglegheit til å logge av og vere til stades akkurat her og nå, der prosessen kan vere vel så viktig som resultatet. Strikking og arbeid med tre krev dessutan tid, ro, og skapar rytme. Dette gjev meirverdi, økonomisk vekst og helseinvesteringar i framtida. Å meistre eit handverk har og ei kopling til, og ein dimensjon for, klok bruk av ressursar, varigheit, og med det, klimautfordringar.


"Om du ikkje har det i hovudet, har du det i hendene"

"Om du ikkje har det i hovudet, har du det i hendene," er eit gammalt, fastlåst uttrykk som har vore brukt i Norge for å kategorisere menneske. Dette er feil! Vi må slutte å sortere menneske etter testresultat i matematikk opp mot kor fint og nøyaktig dei syr korssting. Som med andre profesjonar og kompetansar, krev handverk gode motoriske ferdigheiter, men aller fremst krev det eit godt hovud og eit godt intellekt for å finne løysingar og forstå prosessane. Hendene og resten av kroppen utviklar hjernen, trenar den til å tenkje forbi grenser og vera kreativ. Handverkarar er profesjonelle problemløysarar, og i kvar handverksprosess finn vi stor overføringsverdi til andre disiplinar og profesjonar.


Dei som lagar innovative, teknologiske løysningar er ikkje berre ingeniørar, men ofte menneske med bakgrunn frå handverk, toppa med ingeniørgrad. Føresetnadane for å løyse avanserte problem er best når du har praktisk erfaring i kombinasjon med teoretisk kunnskap.

(Dag Oscar Oppen Berntsen, Spesialrådgjevar for Norges forskningsråd, FORM 4/2015)

Matematikk og handverk har mykje til felles. I begge desse disiplinane er prosessforståing viktig, ikkje berre svaret eller resultatet. Målet er ikkje å tileigne seg handverkskompetanse for å lage skjerefjøler resten av livet. Målet er å tileigne seg ei forståing for materialet, få god motorisk trening, og sist men ikkje minst, trene hjernen.

Vi må alle ha tru på eit samfunn med kvalitetar der teori og praksis ikkje er motsettingar, snarare føresetnadar for utvikling.


Samlande, utjamnande, ventilerande og motiverande

Koplinga mellom handverk og akademisk læring er eit stort og omfattande forskingsfelt. Kva som likevel er viktig for det enkelte samfunn, for ei gruppe, skulen og klassa å gripe tak i og bruke som grunnlag for argumentasjon, er styrka handverket har som samlande, utjamnande, ventilerande og motiverande arena. Det kan bidra til barnets motoriske utvikling, og han eller hennar evne til å sjå samanhengar, kjenne på meistring og auka livsglede og sjølvstende. Når barn og ungdom kjem i situasjonar der dei kjenner seg usikre, er det ekstra viktig at dei har ein buffer med gode opplevingar og meistring. Da er det ekstra viktig at dei har arenaer der dei kjenner seg gode nok til å møte utfordringane, der dei opplever tilfreds meistring, der dei er sett, høyrt og teke på alvor som menneske, uavhengig av fagleg nivå. Dei blir medlemmar av ei gruppe, kjenner seg tilfredse ved å høyre til og å bidra saman med andre. Slike grupper kryssar gjerne alderssteg og generasjonar, likevel kan dei bidra til at alle i gruppa kjenner seg på same nivå.


I dagens høgtempomiljø spring gjerne studentane i det uendelege for å nå det eine målet etter det andre. Ved å gje ungdommane våre moglegheit til å lære og praktisere eit handverk, let vi dei oppleve å jobbe både med det mentale og med hendene - og vi opnar ei dør til den djupe tilfredsstillinga og fordelane som følgjer med slike kreative prosessar.



Torunn Elise Kveen
Studieforbundet kultur og tradisjon
03.09.2020


9 visninger

Siste innlegg

Se alle