top of page

Nyheiter

God julehøgtid!

Studieforbundet går mot 2023 med stor optimisme og energi. Pandemien er vi i ferd med å riste av oss, og vi er nå så godt som attende til gamle høgder, og det langt tidlegare enn forventa.


Tusen takk til alle for all velvilje, endringsvilje og vilje til å finne løysningar saman med oss i ei tid som har servert det eine knyttneveslaget etter det andre for det frivillige, og ikkje minst for samfunnet elles.


Studieforbundet rundar av Frivillighetens år 2022 med å takke ekstra, og enda ein gong, alle som stiller opp og gjer ein innsats på det frivillige feltet, tidleg og seint, byggjer samfunn og byggjer folk, vedlikeheld og smører – vi er gode!

Riktig god julehøgtid og eit godt 2023!


Vi minnar om at siste frist for å rapportere kurs arrangert i 2021 er søndag 15. januar. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller noko er uklart. Kontoret held stengt frå og med kl 12.00 22.12. til måndag 2. januar 2023.

9 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page