Enda ein gong HURRA!
Vi har fått ny tildeling frå Sparebankstiftelsen DNB på 1,9 millionar!
Over tre nye år får vi den store gleda av å bruke midlar frå Sparebankstiftelsen DNB til inkluderingsprosjektet vårt «Åpent for alle»! Takk, Sparebankstiftelsen DNB, for eit raust beløp, for god rettleiing og for godt samarbeid i søknadsprosessen. Og ikkje minst, for genuin interesse for og anerkjenning av arbeidet vi gjer på det frivillige feltet for å lage gode kurs, fleire kurs og kurs som inkluderer alle.
Tildelinga frå Sparebankstiftelsen DNB var også denne gongen svært kjærkommen og velkomen, og vi er svært audmjuke over å ha fått denne moglegheita til å vidareføre prosjektet vårt.
Den offisielle overrekkinga vil skje i januar 2025.
Comments