Nyheiter

Går du med ein trebåtbyggjar i magen? Vi har ledige plassar på modul 3 og 4

Modul 3 omhandlar Spantoppslag, og modul 4 Bjelkelag og dekk. Modulane foregår på Hardanger fartøyvernsenter 21.-25. mars og 30.mai – 3. juni 2022. Trebåtbyggjar er ei kursrekkje som legg vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar.

Kven passar kurset for?

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev som trebåtbyggjar, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for trebåtbyggerfaget Vg 3 opplæring i bedrift.

Kursrekkja er bygd opp kring ulike tema og fordelt på sju kurs. Kursa er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lengre ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa, bør ein ha erfaring med trearbeid. Kursa bygger på kompetansemåla i læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift. Kursa blir haldne på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.



Organisering

Praktisk arbeid, individuelt arbeid og arbeid i grupper, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning og individuell rettleiing og undervisning i grupper.


Les meir om Trebåtbyggjar på nettsidene våre:

https://www.kulturogtradisjon.no/trebåtbyggar



151 visninger

Siste innlegg

Se alle