top of page

Nyheiter

Fylkeskulturpris for bunad- og draktarbeidet

Oppdatert: 10. feb. 2022

Ann Lundekvam frå Gaular har heilt sidan midt på 70-talet vore engasjerte i bunadsarbeid i Sunnfjord. Bjørg Hovland frå Luster har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. Dei to fekk i dag kulturprisen for langvarig og stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i Sogn og Fjordane. Prisen vart delt ut på fylkestinget i Sogndal i dag 10. desember.


Ann Lundekvam har sidan midt på 70-talet vore engasjerte i bunadsarbeid i Sunnfjord. Ho har heile tida arbeidd systematisk med rekonstruksjon av gammalt draktmateriale. Ho har særleg god kunnskap om ulike handverksteknikkar. Men det ho kanskje har jobba mest med, er å lære opp interesserte i bunadssaum. Ho har hatt lærlingar i bunadstilverkarfaget hos seg, ho har vore lærar i bunadsopplæringa i regi av Studieforbundet kultur og tradisjon, i eit samarbeid med Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag og Norsk folkedraktforum.

Bjørg Hovland har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. Kunnskapen om dette har ho formidla gjennom artiklar i både fagblad og bøker, og gjennom eit uttal kurs i bunadssaum og om hovudplagg. Hovland har òg rekonstruert og sydd bunader og klede som vart brukt i sognebygdene fleire hundre år attende i tid.

Både Lundekvam og Hovland kombinerer praktisk kunnskap om handverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistorie og samfunnsutvikling. Gjennom arbeidet sitt har Ann Lundekvam og Bjørg Hovland bidrege til å gjere oss kjende med ein viktig del av historia vår; korleis folk i tidlegare tider har kledd seg til kvardags og helg. Dei har lært opp yngre generasjonar i eit handverk som er på veg ut, og dei har fornya tradisjonen. Bunad handlar også om identitet, og arbeidet til Lundekvam og Hovland kan førast inn i rekkja av identitetsskapande prosjekt.

Bilde: Ann Lundekvam i Sunnfjordbunad på Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes 2018. (Foto: Studieforbundet kultur og tradisjon)


11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page