top of page

Nyheiter

Er heildigitale kurs komne for å bli?

Kultur- og likestillingsdepartementet foreslår heildigitale kurs som ei permanent ordning! Forslaget kjem på bakgrunn av mottekne innspel frå studieforbunda, og vart senda ut på høyring med frist 1. mars. Studieforbundet har kome med applauderande høyringssvar.


Bjørg Schultz i Vågå Husflidslag er ei av dei som verkeleg har har trakka fremst i spannet og prøvd ut digitale handverkskurs under pandemien. Foto: Arve Danielsen, avisa Fjuken.


Studieforbundet kultur og tradisjon er svært glad for at dette forslaget nå kjem frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi ser at dei digitale kursa vi utvikla og prøvde ut under pandemien, fungerer svært godt. Dei har lågterskelinngang, famnar mange og er eit godt supplement til dei fysiske kursa vi framleis sjølvsagt har mest av. Pandemien tvinga fram ei utprøving og utvikling av digitale kurs i løpet av kort tid, og situasjonen slik den var, fekk mange med på bølgen for både å arrangere og å delta. Det gjorde at kompetansen vokste fort fram og vart eit godt verktøy for oss. Vi er også glade for at det midlertidige vedtaket er forlenga til 1. juli 2023. Det har mykje å seie for å sikre kontinuitet og gjere det føreseieleg for laga våre, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø.


Studieforbundet sitt høyringssvar.

Høyringssvar; Forslag til endring i forskrift om studieforbund godkjent av Kulturdeparteme
.
Download • 126KB

36 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page