Nyheiter

Endeleg høgskulestudium i tekstil!

Vestnorsk kulturakademi startar opp att Tekstilkultur-faget i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Dette blir eit etter- og vidareutdanningstilbod som gjev 15 studiepoeng.



Tekstilkultur-faget startar opp i august i år, er eit samlingsbasert høgskulestudium med fire samlingar lagt til helg, der målgrupper er studentar, lærarar, tilsette i museum og tekstilhandverkarar med fleire.


Om studiumet

Tekstilkultur 1 handlar om tekstilfaget i fortid og nåtid. Det tek for seg den teoretiske og praktiske delen av tekstilfaget, der det handverksmessige og kulturhistoriske blir vektlagt. Den tekstile kulturarven er noko av det skjøraste og mest utsette vi har. Studiumet gjev også innføring i vidareføring av den handlingsborne kunnskapen knytt til tekstilkulturen. Du får kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar, som blir sett inn i kulturhistorisk kontekst og samtidskontekst.  I dag har handverksteknikkane innanfor tekstilfeltet fått fornya aktualitet som følgje av miljømessige og berekraftige problemstillingar, mellom anna eit stadig aukande forbruk av tekstile materialar. Miljø og berekraft er difor sentralt i studiet.


Treårig studium

Vestnorsk kulturakademi er glad for igjen å kunne tilby høgskulestudium i tekstil i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Dette er ein viktig del av sikring og vidareføring av den levande kulturarven vår knytt til tekstilfeltet. Om det er interesse for faget, blir det og tilbod om Tekstilkultur 2 i 2023. I tillegg er det utvikla eit Tekstilkultur 3 som går djupare inn i det praktiske i tekstilfaget. Studiet er samlingsbasert på helg, der det er mogleg for studentar å gå på jobb ved sida av.


Søknadsfrist til Tekstilkultur er 20. april 2022 med oppstart 26. august. Her er link til påmelding



144 visninger

Siste innlegg

Se alle