top of page

Nyheiter

Covid-19-oppdatering - Gjeldande frå 20. juni

Oppdatert: 10. feb. 2022

20. juni vart dei nasjonale smitteverntiltaka opna ytterlegare gjennom trinn 3 i gjenopningsplanen.

NB: Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og tilråingar. Lokale smitteutbrot, eller andre omsyn, kan medføre strengare krav og anbefalingar i din kommune. Er de i tvil om gjennomføring av aktivtitetar, så ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen.




Det viktigaste er:

  • Det er oppmoda til aktivitet utandørs, heller enn innandørs.

  • Deltakarar på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar unntas frå anbefalinga om 1 meters avstand, både utandørs og innandørs, der det er naudsynt for å utøve aktiviteten.

  • For vaksne er tilrådd gruppestorleik inntil 30 personar innandørs og 40 personar utandørs.

  • Vaksne dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar, får unntak frå 1-metersregelen på både utandørs og innandørs kulturarrangement, dersom dei elles trener eller øver saman.

  • Tal deltakarar på aktivitetsleir og andre fritidstilbod, som samlar mange personar og varer over fleire dagar, er tilrådd avgrensa inntil 300, og deling av deltakarane i grupper på omtrent 40 personar. Det er her ikkje krav om å halde 1 meter avstand, men gruppene bør i størst mogleg grad ha dei same deltakarane og leiarane gjennom heile aktiviteten.


Privat arrangement:


Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale, inne og ute.


Offentleg arrangement:

  • Innandørs inntil 400 personar (200 x 2 kohortar) utan faste tilviste sitteplassar, men 1000 (500 x 2) dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar.

  • Med adgangstest og koronasertifikat; 50 % kapasitet opp til maks 1 000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 2 500 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar.

  • Utandørs inntil 800 personar (200 x 4 kohortar) utan faste, tilviste sitteplassar, men 2000 personar (500 x 4 kohorter) dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar.

  • Med adgangstest og koronasertifikat; 50 % kapasitet opp til maks 2000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 5000 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar.


 

For oppdaterte råd:


Er du i tvil, ta kontakt via smittetelefonen i eigen kommune





3 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page