top of page

Nyheiter

Besøk hjå det Islamske Forbundet Rabita

I samband med årsmøtet vårt i Oslo, passa vi på å besøke ein ny medlemsorganisasjon, Det Islamske Forbundet Rabita. Vi utvidar stadig medlemsmassen vår også på områda livsyn og religion, noko som for oss er svært lærerikt og spennande.



Vi besøkte ein av våre nye medlemsorganisasjonar i samband med årsmøtet vårt i Oslo denne veka, Det Islamske Forbundet Rabita. Vi fekk helse på fleire av dei tilsette, og fekk omvising i bygget der dei held held til. Dei hadde ei allsidig lokale med mange avdelingar - klasserom, bønnerom, administrasjon, med meir.



Det Islamske Forbundet, RABITA


Rabita er ein samlingstad og eit senter for muslimar, uavhengig av etnisk eller kulturell tilhøyrsle. Det Islamske Forbundet er godkjent som trus- og livssynssamfunn i Norge. Dei driv med fleire aktivitetar, av dei læring og diskusjon, og tilbyr undervising og kurs, seminar og konferansar. Seminara og kursa inneheld ulike aktuelle og dagsaktuelle tema og dei mest populære er innan kalligrafi, der deltakarane og får tilbod om å spikke sine eigne kalligrafipennar. Arabisk kalligrafi er utvikla og praktisert i meir enn tusen år og har ei særstilling innan islamsk kunst. Rabita sin visjon er openheit, kunnskap og fellesskap.

Takk for at de tok så godt imot oss! Vi ser fram til samarbeidet med dykk!


Her viser fagkoordinator Hossam Belkilani oss nedtelling til døgnets fleire bønnetider.



29 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentarios


bottom of page