top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Årsmøte og ny film!

  • torunn92
  • 27. mai
  • 3 min lesing

Oppdatert: 4. juni

Tradisjonen tru heldt Studieforbundet årsmøte med allsang og god stemning, 26. mai på Håndverkeren i Oslo. Høgdepunkta var fleire, i år som åra før. Spennande var det utvilsamt med slepp av spildrande ny film.

Årsmøte 2025 på Håndverkeren i Oslo.
Årsmøte 2025 på Håndverkeren i Oslo.

Med skorne på

Vi starte opp med digital helsing frå Silje Hjemdal (FrP) fire medlemorganisasjonar som presenterte seg for oss andre; Vikinger i Vestfold og Telemark, Knipleforeingen, Noregs Ungdomslag og Forbundet KYSTEN. Forutan årsmøtesaker med mellom anna strategiske planar, rekneskap, budsjett, årsmelding, vedtekter og val, fekk vi etter lunsj prøve andre sine skor på og prøve oss i stasjonar på både yogapust, vi fekk "sitte i styret" i ein skulerevy og fekk eit innblikk i korleis dei jobbar og har det på Hjerleid Handverksskole. Albin Bendu frå Back in the ring fortalde om si reise frå innsett til tilsett. Han jobbar nå som yogainstruktør i fengsel gjennom organisasjonen Back in the ring. Tale Haugan i Frilynt Norge viste oss at det er neimen ikkje berre, berre, sjølv for oss vaksne, å halde greie på alle formalitetar og ansvar som må vera på plass i oppsetting av revy. Rektor ved Hjerleid Handverksskole, Even Hansen, viste oss ein annleis skule, "som for oss er heilt normal", som han sa, med praktisk tilnærming til teoretisk kunnskap og tid, masse tid, i verkstad og på øving og trening.

Albin Bendu frå Back in the ring får hjertekrok frå Hjerleid av Liv Skogstad Mikalsen. Even Hansen fortel om ein annleis skule og Stian Juell om følgene av delinga av studieforbunda mellom departement.
Albin Bendu frå Back in the ring får hjertekrok frå Hjerleid av Liv Skogstad Mikalsen. Even Hansen fortel om ein annleis skule og Stian Juell om følgene av delinga av studieforbunda mellom departement.

Stian Juell frå Voksenopplæringsforbundet orienterte om stoda i arbeidet med evaluering av delinga av studieforbund mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og tankar om framtida etter.

Hanna Sønsteby og Jorun Henrikesen vart takka av i styret, Tale Haugan gav oss innblikk i skulerevyar og Per Olav Tyldum frå Senterpartiet og Familie- og kulturkomiteen stakk innom for å helse på.
Hanna Sønsteby og Jorun Henrikesen vart takka av i styret, Tale Haugan gav oss innblikk i skulerevyar og Per Olav Tyldum frå Senterpartiet og Familie- og kulturkomiteen stakk innom for å helse på.

Styret i Studieforbundet er gjeldande frå 26. mai

Magni Hjertenes Flyum held fram som leiar, Solveig Torgesresen Grinder som nestleiar, Hege Winje, Marit Mörtsell og Einar Raastad held fram som styremedlemmar, Signe Marie Kittelsaa frå Folkeakademienes Landsforbund og Elin Riise frå Frilynt Norge kjem inn som nye styremedlemmar. Juliane Husvik Sukkestad held fram som varamedlem, og Tommy Livsin frå Vikinger i Vestfold og Telemark kjem inn i tillegg som nytt varamedlem.


Styret gjeldande frå 16.5.2025. Hege Winje, Juliane Husvik Sukkestad og Marit Mörtsell manglar på bildet. F.v.: Signe Marie Kittelsaa, Einar Raastad, Magni hjertenes Flyum, Tommy Livsin, Solveig Torgersen Grinder og Elin Rise.
Styret gjeldande frå 16.5.2025. Hege Winje, Juliane Husvik Sukkestad og Marit Mörtsell manglar på bildet. F.v.: Signe Marie Kittelsaa, Einar Raastad, Magni hjertenes Flyum, Tommy Livsin, Solveig Torgersen Grinder og Elin Rise.

Vi takka av Jorun Henriksen frå Norges Bygdekvinnelag og Hanna Sønsteby frå Folkeakademienes Landsforbund. Takk for trivelege år, klåre tankar, kloke avgjersler og god innsats i åra de har hatt i styret vårt!



Studieforbundet har laga ny film

Vi i Studieforbundet har det siste året jobba med å lage ny film om Studieforbundet, kven vi er og kva vi gjer. Som kjent er Studieforbundet ein paraplyorganiasasjon for nesten femti medlemsorganisasjonar. Utan dei, hadde det ikkje vore noko studieforbund. Filmen viser glimt frå fleire av organisasjonane som er medlemmar hjå oss, der vi prøver å vise fram kven vi er, mangfald og vifta av fagfelt i organisasjonane våre. Noko er nye filmar, noko er filmsnuttar som allereie eksisterte og som vi har lånt hjå medlemsorganisasjonane våre. Tusen takk til alle som har bidrege med materiale til filmen, og som har stilt opp for filming. vi er stolte av å få syne dykk fram og stolte av å få vera på lag med dykk

Filmen er laga i samarbeid med Andreas Nilsson og Nilsson Cinematics.



Dei tilsette i Studieforbundet
Dei tilsette i Studieforbundet

 
 
 

Comments


bottom of page