Vevopplæringa og vegen til sveinebrev

Handvevarfaget skal bidra til å ivareta og vidareføre handvevartradisjonar. Handvevaren utviklar og vever interiørtekstiler og stoffer til klede, dekorasjonar og utsmykninger. Handvevarfaget skal dekke samfunnets behov for produksjon av vevde tekstiler og utvikling av nye vevprodukt.
Opplæringa skal legge vekt på praktisk arbeid med klede, interiør, rekonstruksjon og utsmykning. Opplæringa skal bidra til å utvikle veveferdigheter og stimulere til estetisk bevissthet og kritisk refleksjon. Opplæringa skal bidra til erfaring med bruk av ulike materiale, teknikkar, verktøy og maskiner i handvevarfaget. Opplæringa skal vidare bidra til å utvikle forståing for forhold mellom design, marknad og produksjon av handvevde produkt og tenester. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evne og ferdighet innan kommunikasjon og formidling samt bidra til bruk av informasjonsteknologi. (www.utdanning.no)

Alternativ 1:
Om du vil gå den formelle vegen så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.
• vidaregåande trinn 1 (Vg1): design og håndverk
• vidaregåande trinn 2 (Vg2): design og tekstil
• to års opplæring i bedrift: handvevarfaget

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Alternativ 2:
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må
• vera allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
• vera godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

For å gå opp som praksiskandidat som handvevar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule. Eksempel på eksamensoppgåve i handvevarfaget frå 2016

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Læreplan Vg3 handvevarfaget/opplæring i bedrift

Nyttige nettsider:
Utdanningsdirektoratet www.udir.no
Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Tradisjonshåndverk (TrHå) opplæringskontor og kompetansesenter www.mia.no/tradisjonshandverk.no
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no
Altinn - Starte og drive bedrift, www.altinn.no/starte-og-drive/