Informasjon og påmelding

Kursstad: Rauland og vevsalen til Rauland Husflidslag, ca 500 m frå Raulandsakademiet.

Undervisningstid: kl. 09.00 – 18.00. Siste dag blir avslutta kl. 13.00.

Lengde på kurset: Heile løpet går over tre år, med med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.

Kursavgift frå 2021 er kr. 4350,- per modul + materiell, ca. 300,- per modul.

Kost og losji: Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting tlf.: 35 07 32 92, post@raulandsakademiet.no

Kurslærarar: Vi vekslar mellom ulike kurslærarar. For dei kursrekkjene som går nå har vi Rita Vistad, Eli Wendelbo og Hilde Opdeal Nordby. I løpet av kursrekkja inviterer vi og inn utvalde gjestelærarar.

Målgruppe: Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i handvevarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Kursrekkja er open for alle, og det er ikkje opptakskrav. Det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap innan data. Det vil bli brukt digitalt verkty i utarbeiding av oppskrifter.

Arbeidsform: Praktisk arbeid i vevsalen, individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning, individuell rettleiing og undervisning i grupper. Vevsalen er open om kvelden til fri bruk.

Deltakerne tek med: Datamaskin, perm, skisseblokk, skrivepapir, rutepapir 5 mm, plastlommer, blyantar, raud og blå, måleband, nåler, saks, skeikrok.

Påmelding Vevopplæringa