Trebåtbyggjar og vegen til sveinebrev

Trebåtbyggjarfaget har lange tradisjonar og skal verke som kulturberar ved å ta vare på, utvikle og fornye eit tradisjonsrikt handverk. Trebåtbyggjarfaget skal vere med på å sikre berekraftige kystsamfunn og verne kystkulturen ved at trebåtbyggjaren lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar og på utvikling av handverksferdigheiter. Opplæringa skal medverke til å verne om det tradisjonelle handverket og leggje grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Opplæringa skal også stimulere til formgiving og inspirere til idéutvikling, kreativ utnytting av materialar og konstruksjon og bruk av framtidsretta utstyr (www.utdanning.no)

Alternativ 1:
Om du vil gå den formelle vegen så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.
• Vidaregåande trinn 1 (Vg1): design og håndverk
• Vidaregåande trinn 2 (Vg2): båtbyggerfag
• To års opplæring i bedrift: trebåtbyggjarfaget

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Alternativ 2:
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må
• Vera allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
• Vera godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

For å gå opp som praksiskandidat i trebåtbygging må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift

Nyttige nettsider:
Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Kulturringen www.mia.no/kulturringen
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no