Praktisk informasjon

Kursavgift er kr. 1500,-per kurshelg. I kursavgifta er lunsj inkludert. Har du reiseutgifter utover 1000,- til reise på kvar av modulane, kan du søkje om reisestøtte.
Undervisningsstad: Øvre Slottsgate 3, Oslo
Undervisningstid: frå fredagsefta til søndagsefta dei oppsette helgene.

Kost og losji: Kursavgifta dekkjer lunsj. For overnatting tek deltakarane kontakt med prosjektleiar Torunn Elise Kveen på torunn@kulturogtradisjon.no, tlf: 41809366 for hjelp og gode avtalar ved lokale overnattingsplassar.
Kurslærarar: Heljar Berge, Line Kaupang og Stig Olav Aspli
Målgruppe: Kursrekkja er open for alle som ønskjer å utvikle seg som teaterinstruktørar på det frivillige feltet, og er høgaktuelt for pedagogar i skule, kulturskule og barnehage. Det er ein fordel med grunnleggjande teaterrelatert erfaring, enten på scena eller bak/framom scena, med det er inga forutsetning. Vi har eit tak på 15 deltakarar, for å kunne køyre eit kurs der vi er tett på deltakarane og kan gje dei god oppfølging undervegs. Målet ved fullført kursrekkje er å kunne gje eit solid grunnlag for å kunne instruere mindre oppsettingar eller assistere ved større, kunne ha ei produsentrolle på mindre oppsettingar i det frivillige feltet eller i skule, kulturskule og barnehage.
Arbeidsform: Praktisk arbeid på golvet, individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning, individuell rettleiing og undervisning i grupper.
Påmeldinga Løpande påmelding i forkant av kursrekkja/kurshelga så lenge det er ledig kapasitet. Her gjeld prinsippet "fyrst til mølla".

Påmelding Scenerom


Har du lyst til å være skuespilleraktør å kurset?