Korleis kan Studieforbundet og medlemsorganisasjonane våre bidra til likeverd, inkludering og mangfald til personar i «utanforskapet»?

Kurs og opplæring for alle

Studieforbundet kultur og tradisjon sin visjon er: "Det skal vere mogleg for alle som bur i Noreg å bli kjent med og lære kulturuttrykk og folkelege tradisjonar i skapande og trygge fellesskap". Dette stiller krav til, og skapar forventningar om, at vi som studieforbund jobbar aktivt og målretta med inkludering og integrering. Vår jobb er å legge til rette for kurs og opplæring i medlemsorganisasjonane, mellom anna ved å gjere det enklare for laga å leggje til rette for at alle kan delta og få eit godt læringsutbytte.
Dette kan dreie seg om tilrettelegging som behov for og bruk av tolk, språkstyrking med bruk av til dømes ekstra lærekrefter, styrking ved danseøvingar, ved å til dømes innhente ekstra dansepartnarar, å legge til rette for skyss til dei som ikkje kjem seg på kurs på anna vis, arbeid og tilrettelegging som er gjort på dugnad, tilpassa opplæring på ymse måtar, deling av grupper etter nivå, osv.
Dans
GangsterYoga

Korleis jobbar vi med inkludering, og korleis når vi ut?

Studieforbundet jobbar kontinuerleg med motivering av lag og grupper for å få med nye deltakarar og til å gjere jobben det er å ha med deltakarar som treng ekstra tilrettelegging. Vi startar gjerne med lag som allereie har hatt liknande kurs tidlegare. Ved å få i gang fleire kurs hjå desse, er det og lettare at dette får ringverknadar og fleire får lyst til å gjere det same. Døme på dette er kursa vi har halde gjennom Kompetansepussordninga, Ull på norsk, og gjennom prosjektet "Flyktninger og innvandrere som ressurs". På denne måten skaffar vi oss gode eksempelkurs å nytte i arbeide med å motivere nye lag, og vi skaffar oss lag med erfaring, som kan kontaktast for gode råd og tips av andre lag som vurderer å gjera det same.
I Studieforbundet brukar vi aktivt dei møteplassane vi har til å informere lag og grupper om moglegheitene dei har gjennom støtteordningane våre. Vi deltar på årsmøter, fylkesamlingar og ulike treffpunkt hjå medlemslag og organisasjonar gjennom året, og vi samarbeider til dømes med flyktningetaten i fleire kommunar.
Kompetansepluss

Kvifor er inkludering viktig?

Å få vera med å ta vare på ein kulturtradisjon og eit kulturuttrykk, det gjer noko med ein. Det er viktig for samfunnet at vi er kulturelt aktive. Det byggjer oss som menneskje, og det gjer oss til betre menneske. Inkludering både held ved like og byggjer samfunnet, fordi kulturell forståing, det å bli berørt, å vere ein del av noko, skapar eit betre samfunn. Det skapar eit betre samfunn å få ulike menneskje som forstår, meistrar og får til. Må alle lære seg den norske kulturen? Nei. Men alle menneskje vil få betre liv om dei deltek, forstår og kan få påverke.

Kvifor gjer Studieforbundet dette?

Studieforbundet strekkjer seg etter ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Alle treng vi til ulike tider gjennom livet å bli rekna med, og å vera nyttige i eit fellesskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med her i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Vi kan bidra til å styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet. Vi kan gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering.

Kvifor vil laga gjere dette?

Lag og organisasjonar ynskjer i fyrste rekkje å vidareformidle faga sine. Teatergrupper vil jobbe med teater, husflidslag vil drive husflid, osv. Felles for alle, er at dei gjerne vil ha fleire med, og ynskjer å nå ut og tenkje rekruttering til ei brei målgruppe. Kvart lag og gruppe ser på sitt fag som det mest fornuftige å fylle tid og lærekapasitet med, og det i seg sjølv, er motivasjon for å få fleire med. Lag og organisasjonar ynskjer fleire medlemmar, og å få drive opplæringa si med minst mogleg byråkrati.

Kva kan vi hjelpe til med?

Studieforbundet har fleire innfallsvinklar for å nå målsettingane. Vi har eit generelt tilretteleggingstilskot, der ein kan søkje midlar frå til å dekkje eller delvis dekkje meirkostnadar ved kursa. I tillegg har vi frå tid til annan ei varierande mengde prosjektmidlar vi har søkt og fått tilsagn på, til dømes gjennom IMDI (Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet), Kompetanse Norge, fylkeskommunale midlar osv. Desse midlane gjer at vi kan gje særskilte tilskot og heilt eller delvis fullfinansiere kurs etter ei individuell vurdering. Er du i tvil, ta kontakt med kontoret.

Les meir om tilretteleggingstilskot