Hjerleid og TREseminaret

Hjerleid:
Studieforbundet samarbeider med handverksmiljøet på Hjerleid på Dovre, og er medeigar i Hjerleid handverksskole. Hjerleid skole og håndverkssenter er ei samlokalisering for kulturbaserte næringar. Senteret omfattar Hjerleid handverksskole, Senter for bygdekultur as, Dovre Handverksenter as og fleire små sjølvstendige bedrifter.
Her finner du nettsida til Hjerleid.
Sjå kursoversikta til Hjerleid her.

TREseminaret:
TREseminaret blir arrangert kvart år i veke 17. Seminaret samlar 100-150 handverksinteresserte, frå Norge, men og frå Skandinavia. Enkelte år kan det vera endringar av ymse grunnar. Seminaret inneheld ei rekkje handverks- og husflidskurs. I tillegg vil det vere foredrag på kveldstid.

TREseminaret på Dovre har fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Seminaret tilbyr kurs i ulike handverksteknikkar med nokre av landets beste lærarar på sitt felt. Arbeidsmetoden er opplæring gjennom praktiske kurs i kombinasjon med faglege foredrag. TREseminaret gjev deltakaren eit solid fagleg utbytte, og gjev høve til å møte andre i same bransje.

Programmet går vanlegvis over ei heil veke frå måndag til torsdag, og fredag til søndag. Her kan skje endringar enkelte år. Programmet er slik tilpassa både dei som har høve til å delta på vekedagar, og dei som har høve på helg.

Besøk nettsida til TREseminaret.

Illustrasjon TREseminaret