Informasjon og påmelding

Kursavgift frå 2021 er kr. 4350,- per modul (prisen indeksreguleras kvart år). I tillegg til kursavgift kjem materiellkostnader. Materiellpakke kan kjøpast på kurset. Det er ikkje høve til å arbeide med eigne prosjekt. For dei tre fyrste modulane er det ca 500,- i materiell pr modul. For dei tre siste modulane er det ca 1000,- i materiell pr modul.
I tillegg må kvar deltakar ha med seg noko utstyr sjølve, som sysaker, penn/papir osv. Det er lista opp kva ein skal ha med seg i kursplanen under kvar modul

Modulplan

Undervisningsstad Vekslar mellom Raulandsakademiet i Rauland sentrum og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt på Fagernes.

Undervisningstid: kl. 09.00 – 18.00. Siste dag avsluttast kl. 13.00.

Lengde på kurset: Heile løpet går over tre år med med to vekesmodular i året på fem dagar. Vår og haust.
Ønskjer du å gjennomføre kursrekkja på stuttare tid, så kan du melde deg på det intensive løpet som går over halvanna år og to vekesmodular i halvåret på fem dagar.
Det er det same innhaldet i dei to kursrekkjene.

Kost og losji: Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting tlf.: 35 07 32 92. Gi beksjed om at det gjelde Bunadopplæringa.

Kurslærarar: Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.

Målgruppe: Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta svennebrev i bunadtilverkarfaget, men er åpen også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Arbeidsform: Praktisk arbeid. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjoner og stutte økter med teoriundervisning. individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Deltakerne tek med: Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon,
øvrige sysaker vil bli gjev informasjon om i forkant av kvar modul.

Påmelding Bunadopplæringa