Om Bunadopplæringa og vegen til sveinebrev

Bunadtilverkaren syr og dekorerer bunader og tilbehør. Bunadtilverkarfaget medverkar til å ta vare på og formidla tekstilhandverkstradisjon, kultur og identitet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bunadtilverkarfaget skal dekkje behovet samfunnet har for produksjon av bunader bygd på historiske folkedrakter, og behovet for bunader med ulikt historisk opphav.

Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av bunader med tilbehør. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter og kunnskap om ulike materiale til bruk i bunadproduksjon. Opplæringa skal også medverke til kunnskap om tilverking og bruk av bunader og folkedrakter gjennom ulike tider, i ulike kulturar og tradisjonar. Vidare skal opplæringa stimulere til å sjå samanheng mellom produksjon og marknad.(www.utdanning.no)

Alternativ 1:
Om du vil gå den formelle vegen så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.
• vidaregåande trinn 1 (Vg1): design og håndverk
• vidaregåande trinn 2 (Vg2): design og tekstil
• to års opplæring i bedrift: bunadtilverkarfaget

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Alternativ 2:
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må
• vera allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
• vera godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

For å gå opp som praksiskandidat som bunadtilverkar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift

Nyttige nettsider:
Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Kulturringen www.mia.no/kulturringen
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no