Bunadopplæringa

Om Bunadopplæringa

Ei kursrekkje som kan vera ein del av løpet til sveinebrev.

Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av seks modular, til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadssaum. Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om bunadssaum, anten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring. Det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap om saum. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med tilrådd rekkjefølgje, dess lenger ut i kursrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevje.

illustrasjonsbilde bunadsopplæringa

For spørsmål eller ytterlegare informasjon
Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,
linda@kulturogtradisjon.no, telefon 95 77 57 70
Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.

Til påmeldingsskjema

Brosjyre Bunadopplæringa

Læreplan bunadtilverkarfaget VG 3/opplæring i bedrift