Utviklingsarbeid på gang

Studieforbundet kultur og tradisjon ser det som si oppgåve å vere med på å utvikle opplæringstilbud innan dei fag og emne medlemsorganisasjonane til studieforbundet arbeider med. Opplæringa som går føre seg i dei frivillige organisasjonene er heilt avgjerande for å sikre vidareformidling av folkekultur. Mange av faga medlemsorganisasjonane i Studieforbundet kultur arbeider med, er blant dei små og verneverdige faga det trengs ein ekstra innsats for å halde i live. For tida deltek Studieforbundet i utviklingsarbeidet skildra nedanfor.

Bunadopplæringa

Bunadopplæringa har vorte eit samarbeid mellom Bunad- og folkedraktrådet, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Modulopplæringa starta hausten 2007. Arbeidet med å evaluere og utvikle Bunadopplæringa vidare held fram kontinuerlig. Studieforbundet har ansvaret for kontakt med deltakarar, marknadsføring, påmelding og liknande, i tillegg til å vere med å utvikle opplæringa.

Bunadopplæringa finn du her.

Vevopplæringa

Vevopplæringa starta opp hausten 2009 etter same mal som Bunadopplæringa. Opp til tre parallelle modular er i gang. Her finn du informasjon om Vevopplæringa.

Fengselskurs

Studieforbundet kultur og tradisjon samarbeider med fengselsvesenet og personar i kriminalomsorga for å leggje til rette for kursverksemd i fengsel. Studieforbundet har sidan 2001 prøvd ut, og gjennomført ulike opplæringstilbod i høve til personar som er tilsynsdømte eller innsette i fengsel.

Scenerom

Scenerom- kurs i regi og teaterproduksjon er ei kursrekkje arrangert av Teateralliansen (Studieforbundet kultur og tradisjon, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norsk Amatørteaterforbund).
Hausten 2016 startar kursrekkja i regi- og produksjonsopplæring opp. Opplæringa består av fire modular, som til saman gjev ei brei innføring og går analytisk i djupna på regi og teaterproduksjon. Her finn du informasjon om Scenerom