GDPR

(General Data Protection Regulation)

Personvernerklæringa gjer greie for Studieforbundet kultur og tradisjon si handtering av personopplysingar som blir samla inn for å kunne utøve våre tenester til personar vi arbeider med. Dagleg leiar i organisasjonen er den som er ansvarleg for behandlinga om ikkje oppgåva er delegert. Førespurnad om innsyn, retting eller sletting av personalopplysningar kan gjerast ved å ta kontakt med Studieforbundet sitt kontor.

Du kan lese heile ved å trykke på denne lenka

Påmelding på kurs og arrangement

Det er mogleg å melde seg på kurs via nettsida vår. Knytt til dette samlar vi informasjon som namn og kontaktopplysningar, i tillegg til allergiar og behov for tilrettelegging. Desse opplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementa, statistikk og tilskot. Vi innhentar eigne samtykke for å kartlegge interesser og ønskje om å ta i mot invitasjon til nye arrangement.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Studieforbundet utleverer ikkje personopplysningar til andre, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt til offentlege myndigheiter.

Rutinedokument for handtering av personopplysningar kan du laste ned med å trykke på denne lenka

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tek imot ein slik e-post, handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Heimesida til Studieforbundet, www.kulturogtradisjon.no, brukar informasjonskapslar for å samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Studieforbundet brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.