Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon (SKT) har 43 frivillige medlemsorganisasjonar som driv opplæring i kulturuttrykk og folkelege tradisjonar over heile landet. SKT har si ordinære finansiering med bakgrunn i Voksenopplæringsloven frå Kulturdepartementet.
SKT si rolle er motivasjon, utvikling, tilrettelegging og delfinansiering av omlag 5000 kurs for nær 40 000 deltakarar i eit normalår. Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar og uttrykk. For SKT er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for alle. På fagområde der det offentlege tilbodet er mangelfullt, kan SKT og medlemsorganisasjonane utvikle kursrekker som ligg opp til formell utdanning for å dekke eit behov. Vårt formål er at det skal vere mogleg for alle å lære kulturuttrykk og folkelege tradisjonar i skapande og trygge fellesskap.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.

Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styre som er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Søk om å bli medlemsorganisasjon eller få samarbeidsavtale

Kontoret sine opningstider: Måndag, tysdag og torsdag 08.30 - 15.30, onsdag 08.30 - 13.00 og fredag 08.30 - 15.00.