God høgtid!

Studieforbundet går mot 2022 framleis med optimisme og energi, trass pandemi og unntakstilstand. Nå håpar og trur vi at vi snart er ved vegs ende og går ljosare tider i møte i takt med solsnu.

Tusen takk til alle for all velvilje, endringsvilje og vilje til å finne løysningar saman med oss i ei tid som ber med seg det eine knyttneveslaget etter det andre for det frivillige, og ikkje minst for samfunnet elles.

Studieforbundet vil få ynskje dykk ei god julehøgtid og eit godt 2022!

Jul
Vi minnar om at siste frist for å rapportere kurs arrangert i 2021 er laurdag 15. januar. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller noko er uklart. Kontoret held stengt frå og med kl 12.00 22.12. til 3. januar 2022.

Opprettet | Sist endret