"Har du det ikkje i hovudet, så har du det i hendene." Høyrt slik tull!

Rudolf
Barn skal ikkje bygge ei fuglekasse fordi dei skal lære Pytagoras. Barn skal lære Pytagoras fordi dei skal bygge ei fuglekasse.

Som med andre profesjonar og kompetansar, krev handverk gode motoriske ferdigheiter, men aller fremst krev det eit godt hovud og eit godt intellekt for å finne løysingar og forstå prosessane. Hendene og resten av kroppen utviklar hjernen, trenar den til å tenkje forbi grenser og vera kreativ. Handverkarar er profesjonelle problemløysarar, og i kvar handverksprosess finn vi stor overføringsverdi til andre disiplinar og profesjonar.

Kunnskap er å finne i korleis kroppen beveger seg, i mønsteret. Vi lærer av å gjera. Tanke og kropp, hovud og hender, alt heng uløyseleg saman. Dette er ikkje alltid lett å forstå. Vi er for fastkøyrde i berre verbal overføringa av kunnskap. Slik kunnskapsoverføring vil alltid bli eindimensjonal og bli verande flat. Hjerneforsking viser at det taktile systemet vårt, og rørslene, er grunnlaget for å utvikle også tankekrafta. Brukar vi hendene for lite, tenkjer vi mindre klårt. Teori og praksis er ikkje motsettingar, snarare føresetnad for utvikling. På dette området er det norske samfunnet i ferd med å vakne - heldigvis.

Handlingsboren kunnskap er sentralt i arbeidet vi gjer i Studieforbundet kultur og tradisjon, og i alle medlemsorganisasjonane våre.

Les om korleis handverket representerer eit internasjonalt språk, korleis vi utviklar hjerne og hender side om side, om meistring, sjølvtillit, smøring av det mentale og fysiske maskineriet, og positive ringverknadar både for mennesket og for samfunnet.

Handverket utviklar både kropp og hjerne

Opprettet | Sist endret