Dobla elevtal på Hjerleid

Hjerleid
I dag var offisiell opning av skuleåret på Handverksskolen på Hjerleid på Dovre.
Ekstra gledeleg er det at elevtalet har dobla seg frå i fjor, dette noko grunna to nye utdanningstilbod ved skulen, men skulen har i år også fleire elevar på dei øvrige linene.

Hjerleid 2
-Vi er kjempestolte over å kunne tilby to nye opplæringstilbod dette skuleåret, og er glade og audmjuke for å kunne ynskje så mange som 50 elevar velkomne til skuleåret 2020/2021 ved Hjerleid, ei dobling frå i fjor. Eg vil berømme tilsette og rektor Helle Hundevadt for måten dei legg til rette på og for fagkompetansen og eigenskapane dei innehar. Med dette veit eg elevane er i dei beste hender, sa dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø under opninga.

Handverksskolen har i år to nye opplæringstilbod, Vg 1 Handverk, design og produktutvikling og Vg 2 Overflateteknikk. På Vg 1 Handverk, design og produktutvikling lærer elevene å bruke grunnleggande handverksteknikkar ved utforming av produkt, for eksempel skinn, tekstil, tre, metall og leire. På Vg 2 Overflateteknikk, lærer dei å lage fleire typer overflatebehandling frå grunnen av, som linoljemaling, beis, lakk, komposisjonsmaling, lasur, limfarge, egg tempera og oljemaling. Interessa for dei to nye fagtilboda har vore stor.
Les meir om Handverksskolen

Opprettet | Sist endret