Meld deg på runde to med Trebåtbyggjar!

Klinkbygging
Noko i denne rare verda vi står i, går likevel som planlagt. Kursrekkja TREBÅTBYGGJAR er eit eksempel på noko slikt.

Ny og justert kursrekkje innan trebåtbygging køyrer i gang med Modul 1 Rothogst, Stell og vedlikehald av verkty. Dette skjer på Museet Kystens Arv, 7. – 11. september 2020.

Her er det berre å melde seg på!

Båtbygger skalert

Kursrekkja Trebåtbyggjar

Trebåtbyggjar er ei kursrekkje som legg vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar, bygd opp kring ulike tema og fordelt på 7 kurs. Opplæringa skal bidra til å verne om det tradisjonelle handverket og legge grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren.

Kursa er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lengre ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa bør ein ha erfaring med trearbeid.

Kursa bygger på kompetansemåla i læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift. Kursa blir halde på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.
For påmelding

Meir om kursrekkja

Ei oversikt over dei ulike modulane, når dei er planlagte og kva dei inneheld, finn du her

Vegen til sveinebrev

Kursrekkja kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev. Er dette interessant, les meir her

Kursrekkja er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Forbundet KYSTEN

Opprettet | Sist endret