Opprop for utdanning i tradisjonsdans i Noreg

Opprop for studie bilde
I Noreg i dag er det ingen institusjon som utdannar dansekunstnarar i folkedans, sjølv om etterspurnaden er stor.

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Rauland ved Høgskulen i Søraust-Noreg (USN), ønskjer å ta eit nasjonalt ansvar også for folkedansen. Eit samla folkedansmiljø i Noreg, med utøvarorganisasjonar, kompani og folkedansforskingsmiljøet i spissen, støttar oppretting av eit scenisk studieprogram for scenisk folkedans ved USN.
Vi ser det som staten si oppgåve å stimulere og legge til rette for utvikling av eit norsk dansekunstspråk, og meiner det må opprettast ei høgare, kunstnarleg utdanning for tradisjonsdans i Noreg.
Kunnskaps- og kulturminister, samt leiar for familie- og kulturkomiteen har fått dette oppropet:
Opprop

Opprettet | Sist endret