Tips til korleis halde kurs på nett

Bjørg nettkurs
Sjekk vår tipsliste for gode nettkurs!
Studieforbundet har over dei siste vekene, saman med Vågå Husflidslag med fleire, testa ut korleis det ville vera å halde hakkekurs og kurs i hosobandfletting over nettportalen Zoom.

Når det fyrst er så gale, kan det kanskje kome noko godt ut av pandemien vi nå står i. Denne kunnskapen og kompetansen vi nå opparbeider oss på dette området, kan vi ta med vidare til seinare kursavvikking, også etter pandemien. Ei slik løysing kan sågar skape lågare terskel for deltaking for enkelte som av ymse grunnar ikkje kan møte i kurslokalet.

Mykje måtte testast; ljoset, kamera, lyd, framgangsmåte, kor stor gruppe eigna seg, korleis skulle ein få vist godt og forklart godt nok. Dette viste seg å fungere svært så bra, ja, det var endatil triveleg.
Her kan de finne litt tips til korleis lage gode nettkurs

Foto: Arve Danielsen, Fjuken

Opprettet | Sist endret