TREseminaret 2021 blir!

Treseminaret 2021
På grunn av utviklinga kring koronaviruset som kom så brått på oss på nyåret, måtte vi dessverre avlyse Treseminaret i april. Nå har heile samfunnet ligge i knallhard "Koronatrening" ei stund, og vi har funne vegar forbi og alternative løysingar som gjer at vi skal greie å arrangere eit godt seminar på nyåret.

Årets TREseminaret hadde fleire påmeldte enn nokon gong, og kursporteføljen var av dei beste vi har hatt. Aldri så gæli ...Dette har vi drege nytte av og teke med oss som ein rakettstart vidare inn i planlegginga for nytt seminar 2021. Mykje av det godt planlagte greier vi å stable på føtene og har klappet og klart for årets seminar.
Vi har gjort justeringar og tilpassingar som sikrar god ivaretaking av smittevern, samstundes som kjerna er der og TREseminaret blir Treseminaret, med alle dei kvalitetar, innhald og stemning som dette fører med seg.

TREseminaret blir arrangert kvart år på Hjerleid i veke 17. For seminaret i 2021 deler vi arrangementet over to veker, og legg til veke 16. Dette er eitt av tiltaka vi har gjort for å imøtekome smittevernet.

Meir informasjon om kva kurs vi vil tilby og påmelding kjem i starten av desember.

Vi vil få ynskje alle hjarteleg velkomne (attende) til TREseminaret 2021!

For spørsmål ta kontakt med: Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågå tlf. 61217750/ 97750049 Epost: nina@kulturogtradisjon.no
For meir informasjon, besøk : TREseminaret

Opprettet | Sist endret