Spennande fagdag for fengsel - ledige plassar

Jon-Roar
Vi arrangerer spennande fagdag for fengsel 25. november på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport.
Fagdagen har vi kalla "Innanfor til utanfor", og er fagdag nr to i rekkja. Vi har samla saman creme de la creme av innleiarar denne dagen, der ingen ringare enn professor Jon-Roar Bjørkvold vil snakke om det musiske menneske sett i spel; «Gotta take the power back!» Bente Almås frå Norges Musikkhøgskule fortel om prosjektet Stemmer fra innsiden, Masterstudent Thomas Tvedt frå Norges Musikkhøgskule fortel om prosjektoppgåva i musikkterapi, og Simen Rem frå Indre Østfold fengsel fortel om kultur- og meistringsaktivitetar i Indre Østfold fengsel. Fengelsfuglane vil stå for kulturelle innslag.

Mål: Deltakarane vil samtale og lære om korleis ein kan jobbe og legge til rette for at tida med soning rustar best mogleg til framtidig liv utanfor fengselet.

Målgrupper: Fritidsleiarar, instruktørar og andre som arbeider med utvikling, administrering og gjennomføring av kurs i fengsel.

Ta ein titt på programmet og ta kontakt med torunn@kulturogtradisjon.no, eller 41809366, så har vi nokre få ledige plassar.

Her finn de program for fagdagen

Opprettet | Sist endret