Fagdagane 2015

Kan bunadsproduksjon nokon gong bli bærekraftig? Fagdagane 2015 ser på framtida for bunadnæringa og spørsmåla omkring kunnskap, kulturarv og næring. Vel møtt til årets viktigaste samling for alle bunadsinteresserte!

Etterspørselen etter bunader er høg, men høve til å kunne halde i hevd handverkstradisjonane knytte til bunaden vert stadig utfordra– av både billigare produksjon i utlandet og av at få veljar bunadtilvirking som yrkesveg. Korleis kan vi bevare kunnskap og kulturarv som ligg i bunadene våre og samtidig kunne drive bunadsproduksjon som næring, er spørsmålet vi stiller oss på årets fagdagar. Er det i det heile tatt mogleg?

I løpet av to dagar på Fagernes samlast bunadtilvirkere, husflidbutikkar, forskarar, interesseorganisasjonar og andre interesserte til seminar, draktfaglege foredrag, demonstrasjonar og utstillingar. Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs Ungdomslag arrangerer fagdagane, og vi oppfordrer alle til å sette av datoene 10. og 11. september, og ta turen til Fagernes!

Opprettet | Sist endret