Per Haarr er nytt styremedlem i Studieforbundet

Studieforbundet kultur og tradisjon heldt sitt årsmøte 27. mai i Oslo. På møtet var representantar frå dei største medlemsorganisasjonane i Studieforbundet til stades saman med stortingsrepresentant Kent Gudmundsen som delte ut" Éin million på rett kurs"-prisane.

Årsmøtet gjekk gjennom dei vanlege årsmøtesakane utan store diskusjonar. Referatet frå årsmøtet finn du her.
Randi A. Grønbakken trådde av som styremedlem. Ho blei vald inn i 2012 og gir no stafettpinnen vidare til Per Haarr som og kjem frå Seniordans Norge. Haarr sit i dag i styret i Seniordans Norge, han er busett i Kristiansand og er aktiv i Sørlandet Seniordans.
- Vi takkar Randi for ei fin tid i styret og seier velkommen til Per som vil vere vår mann frå Seniordans Norge framover. Det er alltid spanande å få nye inn i styret som kan hjelpe oss å utvikle fleire og betre kurs, seier ein nøgd dagleg leiar Kjærsti Gangsø.
Anne Langmoen og Endre Kleiveland blei begge attvald til sine verv i styret for to år. Tore Friis-Olsen og Helene Hansen blei attvald som vara i styret for eitt år.
Kontaktinformasjon til styremedlemmane finn du under Om Studiefobundet og Styret.

Opprettet | Sist endret