Deling av studieforbundsordninga

-Regjeringa foreslår å dele studieforbundsordninga mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Målet er å sikre betre kvalitet i ordninga. Forslag til endringar i lov om vaksenopplæring med forskrifter skal sendast ut på høyring til hausten, sa kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande då ho besøkte årsmøtet i Vaksenopplæringsforbundet.
Vofo Deling departement
Foto: Vofo. Frå venstre: Generalsekretær Gro Holstad, statsråd Trine Skei Grande, ny styreleder Hege Irene Fossum, avtroppende styreleder Inge Carlen.

Dagleig leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø, seier det er godt å ha fått ei avklaring. - Det er greitt med ei deling, og Studieforbundet er glad for at det endeleg er gjort ei beslutning. Med same lov som grunnlag kan vi vera trygge på at fokus også vidare blir på kurs og opplæring, ikkje aktivitet. Eg er svært imponert over statsrådens tale der ho legg vekt på bygging av menneskje, å gjera menneskje i stand til å ta hand om eige liv. Delinga mellom departement ser vi ljost på, og har forventningar om at dette skal gjere det lettare og mindre byråkratisk å drive kurs, seier Gangsø.

-Det er godt endeleg å ha fått ei avklaring. Dette har vi venta på lenge, uttalte generalsekretær Gro Holstad etter tala til statsråden. - I utgangspunktet meiner Vofo at ein helst burde vore samla i eitt departement. Det er studieforbunda einige om. Men i løpet av dei prosessane som pågjekk i fjor, var det undervegs fleire som støtta ei deling slik regjeringa nå har landa på, seier generalsekretær i Vofo, held Holstad fram.
Meir om saka frå Vofo sine sider

-Ordninga ligg i dag under Kunnskapsdepartementet. Ved å leggje delar av ordninga under Kulturdepartementet vil vi i større grad kunne oppnå kompetansepolitiske og integreringspolitiske mål på den eine sida, og frivillighetspolitiske og kulturpolitiske mål på den andre sida. Eg ønskjer at studieforbunda som fortsatt skal liggje under Kunnskapsdepartementet mellom anna skal bidra til god integrering og at vegen over til formell opplæring kan bli kortare. Delinga vi foreslår vil styrkje tilbodet for brukarane, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Meir om dette på regjeringa.no

Opprettet | Sist endret