TREseminaret 2019 - eit aldri så lite jubileum

TREseminaret på Dovre er godt inn i tenåra, og femtenåringar er som kjent gjerne klare for fest og feiring. TREseminaret feira sine 15 år med gode kurs, nokre nye kurs, blide deltakarar, dyktige instruktørar, god bakst, festmiddag, nydeleg ver og buskspel i krokane.
TREseminaret

Hurra for oss!

Og 15 år er ikkje eit ubetydeleg jubileum. Dette vart markert på ymse vis. I tråd med det fireårige satsingsområdet til Norges Husflidslag, Holdbart, la vi mellom anna opp til minst mogleg plast, papp og avfall på seminaret. Alle lærarar og deltakarar fekk til dømes tilbod om ein flott trekopp med logoen til Hjerleid trykt på. Desse vart gjæve. Vi feira også jubileet med gode og dyktige lærarar. På den måten jubilerer vi gjerne litt kvart år. Lærarane på TREseminaret er kjende og akta personar i fagmiljøet, med lang erfaring og imponerande merittlister. Mellom andre kan vi nemne ingen ringare enn Jo Kåre Bakke, Robert Wiik og Henning Olstad. Eivind Falk direktør for Norsk håndverksinstitutt heldt kurs i spikking av sjektepilar, sopelime og skaft til ostehøvel på laurdag, saman med Jon Bojer Godal.

TREseminar2

Nye kurs av året

Vi feira og jubileet med tre nye kurs av året; spikking av Totenskei, tradisjonelle målingsteknikkar og bokbinding. Alle tre tilboda vart gjæve, hadde bra påmelding og fekk gode attendemeldingar frå kursdeltakarane. Jarl Erik Simonsen var lærar på spikking av Toteskei, Erik Haagensen var lærar på bokbinding, og kurset Tradisjonelle måligsteknikkar hadde Odd Erlend Mæhlum som lærar. Sistnemnde tok for seg gamle målingstypar og bruksområda desse hadde. Deltakarane fekk mellom anna innføring i å lage si ege linoljemåling og komposisjonsmåling, og dei fekk vaske og rive av pigment. Kanskje det mest fasinerande med denne gamle målinga var kor haldbar den var, og kor lenge den heldt seg god og beskyttande for treverket. Deltakarane fekk som ein del av kurset måle ei lita bu som var sett opp på tunet på Hjerleid. Denne målinga skulle nå beskytte treverket godt opp mot 20 år framover, samtidig som treet fekk puste og leve godt bak målinga.
Kursa på TREseminaret har elles noko ulike emne og dekkjer ulike teknikkar frå år til år. Enkelte kurs går likevel att og er med kvart år, slik som lafting og smiing. Årets kursutval var spikking av Totenskei, tredreiing, bokbinding, lafting, skogskurs med hest, smiing, gamle målingsteknikkar, klassisk møbelsnekring og spikking. Dette må vel seiast å vere litt for ein kvar smak og interesse.

Treseminar

Råe Rudolf

TREseminaret har tilbod for heile familien. Spesielt artig var det kanskje at smikurset dette året hadde med Rudolf på berre 13 år, heilt rå på å smi, og storkosa seg i godt samspel med dei vaksne karane. Dette er eit herleg eksempel på gjensidig læring og inspirasjon på tvers av alder og bakgrunn. "Rudolf er jo berre heilt rå", uttalte ein av karane med glohaug attmed guten.
- Eg er ein slags snikkar, sa Rudolf. - Eg bur på småbruk og likar å snekre. Eg har lyst til å implementere metall i snekringa mi.

Rudolf

Barnas TREseminar

I tillegg til dei vanlege verkstadtilboda, har seminaret og Barnas TREseminar, med kurs spesielt tilpassa barn og ungdom og formidling av tradisjonshandverk til denne aldersgruppa. Her får dei prøve seg på tradisjonelt trehandverk, og lære om teknikkar, materialar og skjerande verkty. I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, får dei med seg ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med lafting, smiing, møbelsnekring, tømmerkjøring med hest og mykje meir. Barnas TREseminar er det Norges Husflidslag som har ansvaret for, med husflidskonsulentane i Hedmark og Oppland, Brita Rusten Åmot og Arild Larsen bak spakane. Du kan skjøne at spikking og karveskurd med kniv synte på både tommel og peik! Om dyrekjøpt erfaring med kniv svir, overgår denne erfaringa alt av alle gule lappar, formaningar og advarslar vi vaksne med gode hensikter gjev så raust av på førehand. Læring av eit handverk og handbåre kunnskap kan berre skje ved å ta på, kjenne på smak og smerte, prøve og feile. Barna spikka seg stikkespel, ringspel, treskeier, små koppar og mykje anna fint og artig på Barnas TREseminar.
Barna

TREseminaret

TREseminaret er ei lita veke med fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Godt over 100-120 handverksinteresserte, ikkje berre frå Noreg, men og rundt om i Skandinavia og frå "det store utland", samlar seg på Dovre i veke 17 kvart år. Seminaret består av ei rekkje handverks- og husflidskurs over tre og fire dagar utover veka, samt tilbod om foredrag på kveldstid. TREseminaret gjev deltakarane eit solid fagleg utbytte, og høve til å møte andre med felles interesser og i same bransje. Der kan handverkarar bygge nettverk for seg sjølve eller bedrifta si, eller, om handverket ikkje er jobben, kan ein rett og slett dyrke hobbyen sin ei veke i eit triveleg og inspirerande miljø.
Årets TREseminaret heldt rundt 100 deltakarar. Seminar, kurs og utstillingar var lokalisert på Hjerleid og foredraga var på Toftemo turiststasjon, alt i nærleiken av Dovre sentrum.
Treseminaret er eit samarbeid mellom Senter for bygdekultur, Handverksskolen, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Linda Aaboen er prosjektleiar.

Opprettet | Sist endret