Hurra vi justerer opp!

ballongar
Covid-19 kostar - både i pengar og tid og arbeid for tilrettelegging. Studieforbundet ynskjer å stimulere til aktivitet og kompensere meirkostnadar som fylgje av tilrettelegging for smitteomsyn. Siste halvdel av 2020 justerer vi opp timetilskotet. For timar med lærar gjev vi 125 kroner timen, og 50 kroner timen for kurs utan lærar. For læringsverkstader doblar vi gledeleg til 1000 kroner kurset.
Nye satsar gjeld for nye kurs ut 2020, men og for alle innmeldte kurs som er gjennomførte men ikkje er ferdigrapporterte.
Snurr kurs!

Opprettet | Sist endret