Sluttrapportering for 2020!

Godt 2021

Minnar om siste frist for å rapportere kurs arrangert i 2020, fredag 15. januar. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller noko er uklart.

Studieforbundet møter 2021 framleis med optimisme og energi, trass pandemi og unntakstilstand på mange måtar. Studieforbundsordninga er flytta til Kulturdepartementet, noko vi tenkjer vil spele positivt inn på vekst og utvikling og meir forutsigbare rammevilkår. Ny forskrift er kome, denne er vi all hovudsak tilfredse med. Og sist, men ikkje minst, gler vi oss over nytt kursdatasystem.

Tusen takk til alle for all velvilje, endringsvilje og vilje til å finne løysningar saman med oss i ei krevjande tid for det frivillige.

Godt 2021!

Om studieforbund frå frivilligheitsmelding

Opprettet | Sist endret