Energisk engasjert fagdag i Ullersmo fengsel

Fagdag kurs i fengsel 2Studieforbundet har nyleg arrangert fagdag i fengsel, ved Ullersmo Fengsel.
Tusen takk for ein lærerik og inspirerande dag til alle innleiarar og deltakarar.

På Ullersmo var 4. desember samla mykje solid kunnskap og erfaring, stort engasjement og raus kunnskapsdeling - ein svært viktig dag for nettverksbygging. Eit "vi" er på kartet, og eit godt fundament å jobbe vidare med. Takk til Alexander Medin og Gangsteryoga, til Jo Skjønberg med Vardeteateret og Fengselsfuglene, til Marianne Knudsen med Teater og dans bak murene, til Trond Halbo og Morten Olaussen med Frikvarteret, til Eivind Kaasa Kittilsen for alt du har tilrettelagt og ordna for oss ved Ullersmo, samt elles alle deltakarar for alt de bidrog med inn i diskusjonen og kunnskapsdelinga. Dette må vi gjere meir av!

Fagdag kurs i fengsel 2

Gangsteryoga med Alexander Medin: -Yoga evner å nå gjennom skalet av musklar og hardheit.
Yoga gjer at vi greier kjenne på sårheit og frustrasjon, at vi erkjenner og ser dei inngrodde mønstra vi har opparbeidd oss.
Yoga røyrer under overflata – i sinna våre.

Morten Olaussen og Trond Halbo frå Frikvarteret: - Vi må finne ut kva deltakarane har å by på, så byggje vidare på dette.
Er det noko alle insette har til felles, er det evna til å tenkje utanfor boksen.
Prosessen og resultatet skal vera med og av dei innsette – det gjev eigarskap til heile prosessen.

Marianne Knudsen med Teater og dans bak murene: - Små steg av gongen, jobbe mot små endringar, små skritt,
eit smil, ein klem, ein betre kvardag. Få føle seg "normal". Vere sårbare saman, vere normale saman. Få tru på livet att.
Vi er drivne av historiar som røyrer oss. Det er det som får oss til å halde fram.
Vi skal vere ein brubyggjar får innsida, og frå innsida til utsida.

Ullersmo fengsel

Jo Skjønberg med Vardeteateret og Fengselsfuglene:
- Du tek ikkje på masken når du spelar teater innanfor murane – du tek den av.
Det var den dagen dei blir sett fri at soninga byrjar.

Sprek gjeng ute på golvet. -Teater er teamarbeid, ein er nøydd til å få med og løfte opp det svakaste leddet.
Metoden bør vera grunnleggjande teaterarbeid, ikkje psykoanalytisk kjenne på, føle på-fokus, sa Jo Skjønberg.

Opprettet | Sist endret