Årets statsbudsjett

StatsbudsjettetRegjeringa foreslår å oppretthalde tilskot til studieforbund på samme nivå som i 2018, og plussar på justering for løns- og prisstigning. Total ramme er 214,5 millionar kroner, opp 6 millionar kroner frå i fjor. I det nylege regionforliket mellom Regjeringa og KrF foreslår Regjeringa at tilskot til studieforbund skal utgreiast med sikte på endringar i ordninga som gjer det mogleg for noko å overførast til fylkeskommunane, og deling mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

-Opplæring i frivillige organisasjonar har hatt reell nedgang i statstilskot gjennom mange år. At Regjeringa nå foreslår å prisjustere er eit steg i riktig retning, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø, - samtidig er vi vel kjende med utgreiingsarbeidet om tilskot til studieforbunda som pågår, og er spente på utfallet. Ei regionalisering av tilskotsordninga vil medføre stor auke i byråkrati og er noko alle studieforbunda ser svært negativt på. Flytting og/eller deling mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet kan derimot vere ei god løysning. Vi er glade for at Regjeringa er opptatt av studieforbunda og vi ser det som ein føresetnad at Vofo og studieforbunda blir involvert i vidare utgreiingsarbeid, avsluttar Kjærsti Gangsø.

Les meir om statsbudsjettet og utgreiinga av tilskot til studieforbund på VOFO sine sider

Opprettet | Sist endret