top of page

Bunad og bærekraft

Vil DU vere deltakar i oppfølgingsprogrammet for handverkarar - BUNAD og BÆREKRAFT?

Påmelding
Foto: Åsne Sørlie Nordnes

Bannerbilde: Åsne Sørlie-Nordnes

Om kurset

Prosjektet tilbyr eit samlingsbasert oppfølgingsprogram i kombinasjon med individuell rettleiing. Målet er å gje kompetanseheving på forretningsutvikling innan sentrale område, for eksempel tenestedesign. Deretter tilbyr vi rettleiing undervegs i arbeidet, med mål om å få til varige endringar løfta opp på eit profesjonelt nivå.

Det er planlagt to samlingar, tre dagar kvar og ei dagsamling. Deltakarane får oppgåver i forkant og undervegs, med rettleiing.


Eigenandel for deltakarane er kr 3500,- pluss reise og opphald.

Informasjon

Kursavgift 

Eigenandel for deltakarane er kr 3500,- pluss reise og opphald.

Undervisingstid:

1 samling: 20. - 22. september 2021, Oslo
2 samling: 22. - 24. november 2021, Vågå
3 samling: 13. januar 2022, Oslo

Lengde på kurset:

Det er planlagt to samlingar, tre dagar kvar, og ei dagsamling. Deltakarane får oppgåver i forkant og undervegs, med rettleiing.

Deltakarane tek med:

Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon, øvrige sysaker vil bli gjeve informasjon om i forkant av kvar modul.

Arbeidsform:

Praktisk arbeid, individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar og stutte økter med teoriundervising. individuell rettleiing og undervising i grupper.

Bakgrunn

Forprosjektet «Berekraft i bunadsnæringen» avdekte både behov og moglegheiter for å sikre økonomisk og kulturell berekraft i bunadsnæringa.
Bunadsnæringa har mange utøvarar med behov for å tilpasse verksemdene i møte med lågprisproduksjon i utlandet. Kartlegging viser gjennomgåande behov for auka inntening og bedriftsutviklingskompetanse. Dette har ført til ei naturleg vidareføring med mål om å samarbeide med eit utval næringsaktørar for å sjå på økonomi, forretningsmodell, leverandørar og samarbeid med andre aktørar

Ei positiv utvikling er avhengig av nye forretningsmodellar og profesjonalisering av drifta. Målet er å sjå på moglegheiter for auka inntening, samt å utvikle ein modell for samarbeid i næringa, både for kunnskapsdeling, betre økonomi og auka rekruttering til faget.

Organisering og innhald

Prosjektet tilbyr eit samlingsbasert oppfølgingsprogram i kombinasjon med individuell rettleiing. Målet er å gje kompetanseheving på forretningsutvikling innan sentrale område, for eksempel tenestedesign. Deretter tilbyr vi rettleiing undervegs i arbeidet, med mål om å få til varige endringar løfta opp på eit profesjonelt nivå.

Det er planlagt to samlingar, tre dagar kvar og ei dagsamling. Deltakarane får oppgåver i forkant og undervegs, med rettleiing.
Eigenandel for deltakarane er kr 3500,- pluss reise og opphald.

Kven passar kurset for?

Utøvarar innanfor det store bunadsegmentet, til dømes bunadtilverkarar, handvevarar, skomakarar og sølvsmedar, som har etablerte bedrifter og som har behov for å utvikle og tilpasse drifta til nye vilkår. Ei positiv utvikling er avhengig av nye forretningsmodellar og profesjonalisering av drifta.

Kurslærarar:

Skåppå Kunnskapspark har fått tilskot frå Norsk Kulturråd og Studieforbundet, med Linda Aaboen, er engasjert til å vere prosjektleiar. Tidligare bedriftsrådgjevarar, Dag Lindvig og Harald Granrud, er engasjert for den bedriftsfaglege delen.

Kontakt oss:

Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,


linda@kulturogtradisjon.no,
Tlf: 95 77 57 70
Informasjon
Foto: Anne Silje Berg

Påmelding Bunad og berekraft

Takk for innsendinga di!

Påmelding
bottom of page