Forside Opplæringstilbud Vevopplæringa
Vevopplæringa
Vevopplæringa er eit tilbod til dei som ynskjer å lære handvevarfaget. Kursrekkja vil inngå som ein del av grunnlaget for å gå opp som privatist i handvevarfaget. Tilbodet er  eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon

Vev_modul_1Vevopplæringa starta opp hausten 2009. Interessa for tilbodet har vore svært stor og det blir gjennomført tre paralelle kursrekkjer.    

Kursrekkja er delt inn i modular og heile kursrekkja strekker seg over omlag tre år. Kvar samling er på ei snau veke. Kursrekkja vil til saman gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget.

Moduloversikt

Vi gjer merksame på at her kan det bli endringar eller tillegg.

Kursavgift er kr. 2 500 per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji

Brosjyre for Vevopplæringa

Vevopplæringa bygger på læreplanverket som gjeld for handverk og  design i den vidaregåande skule. Læreplan

Denne kursrekkja vil inngå som ein del av grunnlaget for å gå opp som privatist i handvevarfaget. Kursrekkja vil vera ope for alle som ynskjer å lære meir og det er inga opptakskrav, men det er ein fordel med grunnleggjande datakunnskap.

Gjennom kursa får ein ei innføring i:

  • historisk forankring med vekt på lokale tradisjonar
  • kunnskap om materiale og verktøy
  • praktisk og teoretisk innføring i teknikk
  • kvalitet, form, farge og funksjon
  • inspirasjon til nyskaping
 

Vevopplæringa er i gang

I haust har 27 deltakarar gjennomført modul 1 i Vevopplæringa. Interessa har vore så stor at det vart kjørt tre parallelle kursrekkjer. To på Holmen Gård på Gjerstad og ei ved Solhaugen videregående skule i Narvik.
Dette er svært gledeleg, og vi ynskjer at dette kan vera med på å bidra til å ivareta og vidareføre handvevartradisjonen.

Les mer …
 


 

Holmen Gård gruppe a

Avslutta moduler

Modul 6a:
06. - 10. juni 2011

Gruppe b

Modul 6b
20. -24.februar 2012
Raulandsakademiet

Tilleggsmodular,
30 timar

Modul 7b
Plantefarging
August/ september 2012

Modul 8b
Spinning
Februar 2013

Modul 9b
Band og snorer
Mai 2013

 avslutta modular

Modul 5b
17. - 21. oktober 2011

Narvik

Tilleggsmodular,
30 timar

MODUL 8C:
Spinning
16. - 19. januar 2012

MODUL 9C:
Band og snorer
18. - 21.april 2012

avslutta moduler

MODUL 7C:
Plantefarging
31.oktober -
03. november 2011

Besøk på sida

Vi har 68 gjester her nå
vofo-stamp-07 2

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.